Tom Roger Aadland: Om å gjendikte og syngje Dylan

Tom Roger Aadland: Om å gjendikte og syngje Dylan

Bob Dylan, tredje generasjons innvandrar, er ein utprega amerikansk songdiktar. I songane sine vidarefører han tradisjonen frå førebilete som Woody Guthrie og Robert Johnson. Men Dylan er både tra-disjonsberar og fornyar, og den store kunstnariske fortenesten hans er samansmeltinga av populærmusikk og lyrikk.

Då Halcyon Gallery i London nyleg tinga ei utstilling med Dylan-måleri, bad dei han sjå i sin eigen bakgard etter inspirasjon, og meinte Amerika. Dylan har gjeve eit vektig bidrag til den moderne amerikanske mytologien, og låttitlar som «Talkin’ New York», «Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again», «Brownsville Girl» og «Mississippi» seier sitt.

Om Amerika er Dylan sin bakgard, er Vestlandet min, så når eg gjendiktar Dylan, blir ofte stadnamna transformert frå det amerikanske kontinentet til Vestlandet. Eit slikt grep er slett ikkje naudsynt for ei vellukka omsetjing, og det er heller ikkje eit som ein skal ta lett på å bruke. Den beste grunnen til å «flytte» stadnamn er om det kan føre songen nærare.

Les heile essayet her (pdf)