Tidekverv i Aasen-tunet
Berit Opheim, Rolf Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon SteneFoto: Paal Audestad

Tidekverv i Aasen-tunet

Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire merkedagane i kalendaråret: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Fredag 7. september framfører dei det musikalske verket i tunet.

Maurseth sin inspirasjon bak verket er Draumkvedet, både som diktform, men også som eit slags musikalsk ritual, sidan balladen hovudsakleg blir framført 13. dag jul kvart år.

Diktarane Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt har skrive nye tekstar og skildrar alt som modnar og gror, at ein «vil elska, syngja, tru», sommarnåden, grøda, og til slutt det stigande mørkeret. Musikarane Rolf Lislevand og Håkon Stene gir det folkemusikalske uttrykket i verket fargar og impulsar frå både barokk, samtidsmusikk og meir fri improvisert musikk. 

Berit Opheim har gitt ut ei rekkje soloplater som har fått strålande omtale. Ho er ein av våre største og viktigaste kvedarar, og ein etterspurt songar i blant anna folkemusikk og samtidsmusikk. Ho har dei siste åra stått på scener i Norge, Europa og Asia.

Benedicte Maurseth er ein norsk folkemusikar, komponist og skribent. Ho har tidlegare arbeidd som komponist til sceneversjonen av Jon Fosses Andvake ved Det Norske Teater i 2009, og til Morgon og Kveld ved Nationaltheatret i 2015. I 2014 debuterte Maurseth også som forfattar på Samlaget med boka: Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre. 

Rolf Lislevand har vore ein aktiv kammermusikar og har i fleire tiår gjort internasjonal karriere. Lislevand blir rekna som ein av dei største luttinstrumentalistane internasjonalt. 

Håkon Mørch Stene har i over 15 år vore ein av Noregs leiande slagverkar og gjort internasjonal karriere. Med ei rekkje plateinnspelingar har Mørch Stene tre gongar motteke Spellemannprisen. Frå hausten 2017 arbeider han som professor i slagverk ved Staatliche Musikhochschule Freiburg.