Symra har inspirert til nye produkt
Tale Burgess Øyehaug og Åsmund Hjorthol Opedal viser nyheiter frå butikkenFoto: Aasen-tunet, Laila Walseth Lid

Symra har inspirert til nye produkt

– Vi har eit breitt utval varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne, seier Opedal. Mange av varene får du berre i butikken i tunet og i nettbutikken Handlenett.no.

Butikken og kafeen i Ivar Aasen-tunet held ope kvar dag i heile sommar. – Vi er bokhandel, platesjappe og gåvebutikk i eitt, med servering av enkel og god mat, seier tunvert Ingrid Opedal.

Nye produkt

Butikken har fleire nye produkt inspirerte av blomen Symra. Ein vevd laupar og ein praktisk veskehaldar er fine gåveidear saman med praktboka til Terje Aarset med same namn.

Lurivar har fått laga eit nytt teikneskrin, men katteblokk og blyantar, særs godt eigna til den som skal ut å reise.

Arkitekturen i Aasen-tunet har inspirert oss til å ta inn Arne Jacobsen-produkt, seier tunvert Opedal og syner fram bokstavar, koppar og ei mugge med lok.

Dialekttermometeret er no kome med ny formgiving og kan supplere vêrmeldinga med ord som «ovheitt» eller «løfsetøyr».

Bestseljarar

Ivar Aasen-boksaren er framleis den store bestseljaren og butikken har utvida sortimentet med fleire friske fargar både til dame og herre. Sportstoppen «Mellom bakkar og berg» følgjer like bak, saman med trusetrøyene til ein «Ny norsk verdsborgar».