Stor feiring av Peter Hognestad på Jæren

Stor feiring av Peter Hognestad på Jæren

Laurdag 12. november er det 150 år sidan biskop Peter Hognestad blei fødd på Jæren. Det blir feira laurdag med bokpremiere i Garborgsenteret, festmiddag hos Jærkokken og jubileumsgudsteneste i Time kyrkje søndag med Hognestads liturgi frå 1907.

– Høgdepunktet er bokpremiere for ein biografi som Per Halse har skrive, og som Det Norske Samlaget no gir ut, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum som har vore leiar for jubileet.

Laurdag 12. november er stordagen i jubileet. Då presenterer Per Halse boka si på Bryne, og Ottar Grepstad dreg linjene vidare heilt til ordskiftet om språk i Vestlandsregionen i dag. Om kvelden inviterer Jærkokken Heine Grov til festmiddag i det gamle apoteket på Bryne.

Søndag er det jubileumsgudsteneste i Time kyrkje. Der er både prost Kjell Børge Tjemsland og prest Stein Ødegård med, liturgien er denne gongen den som Peter Hognestad skreiv på nynorsk for over hundre år sidan, og koret Jærklang og solistane Tone Lea, Linda Manukyan og Glenn Rugland er med.

Hognestad-jubileet opna på Bryne i februar og blir no avslutta same staden. I mellomtida har 15 aktørar i aust og vest feira jubilanten med alt frå konsertar til gudstenester.

Peter Hognestad (1866–1931) frå Time på Jæren var biskop i Bjørgvin 1916–1931. Omsetjinga hans av altarboka blei teken i bruk i 1907, han redigerte i fleire år Norsk Barneblad, var hovudredaktør for Bibelen på nynorsk i 1921, og han var ein av tre hovudredaktørar for Nynorsk Salmebok i 1925.

– Peter Hognestad, Elias Blix og Anders Hovden var dei tre store i arbeidet med å fullføre reformasjonen i Noreg og opne kyrkja for folkemålet. Alle tre har no fått sine biografiar, og dermed veit vi mykje meir enn for berre tjue år sidan om tida då skriftspråket nynorsk blei etablert i Noreg for godt, seier Ottar Grepstad.