Språkstrid på nøytral grunn?
Ottar GrepstadFoto: Lars O. Flydal

Språkstrid på nøytral grunn?

– På to år er to store ordbøker ferdige: ei for bokmål, ei for nynorsk og dialektar. Ordbøkene definerer og forklarer til saman mange hundre tusen ord i dei to norske språka. Forklaringane er stort sett greie. Døma på bruken er det verre med. Eitt ord er jamvel skrive ut av norsk historie, skriv direktør Ottar Grepstad.

Den 24. januar 2018 blei Det Norske Akademis ordbok offisielt lansert med 225 000 oppslagsord. Norsk Ordbok låg føre komplett 9. mars 2016 med 333 173 oppslagsord.

Kjernen i ei ordbok er oppslagsorda om språk. Der skal ordbokredaksjonane kjenne alle nyansar. Det er etter kvart blitt velkjent at leksikon historisk sett har vore prega av sine redaksjonelle posisjonar. Kor nøytrale og balanserte er ordbokfredaksjonar? Eit dusin nøkkelord om språk er sjekka i dei to store norske ordbøkene: bokmål, dialekt, hovudmål/hovedmål, landsmål, målstrid, norsk (språk), nynorsk, riksmål, samnorsk, sidemål, sprogstrid og språkstrid.

Ordbokredaksjonane har brukt ganske ulike kjelder. Det har å gjere med at dei skal vise bruken av ord på kvar sine språk. Dermed kan dei også bli bundne av synspunkt som dominerer i dei ulike miljøa av språkbrukarar. Begge ordbøkene inneheld sitat frå så vel både skjønnlitteratur og sakprosa, og alt blir kalla litterære sitat. Begge ordbokredaksjonane har lagt til sides romantikkens forståing av at berre skjønnlitteratur er litteratur. Så får det vere det paradokset det er at Ivar Aasen skreiv mest på dansk og i dei undersøkteoppslagsorda berre dukkar opp i akademiordboka.

Riksmålsmiljøet brukte mykje tid på å semjast om at ordet riksmål skulle skrivast ut av det som til slutt blei tittelen Det Norske Akademis ordbok. Akademiet er utgivar og har slutta med å skrive sprog. Den som søkjer på ordet sprog i ordboka, blir vist til språk, og sprogstrid er dermed ikkje noko oppslagsord. Redaksjonen har ikkje berre redigert, men også retusjert historia. Norsk Riksmålsordbok kom ut i fire band 1937–1957. Der fyller ordet sprog med alle sine samansetjingar meir enn fem tette spalter.

Definisjonane av orda er det ikkje så mykje å seie på. Norsk Ordbok er hakket meir presis og har med fleire nyansar, til dømes kva norsk språk tyder, men definisjonane er jamt over lite farga i begge verka. Akademiordboka er meir tilfeldig redigert. Av og til er ordhistoria med, av og til førstegongsbruk, som for ordet riksmål, men ikkje for landsmål eller nynorsk. Norsk Ordbok gjer ikkje noko ut av dette for nokon av orda.

Problemet ligg i sitata. Dei utvalde oppslagsorda inneheld 97 sitat som belegg for bruken – 38 i Norsk Ordbok, 59 i Akademiordboka. Dei fleste er nøytrale, men for mange av sitata er farga av redaksjonens språkpolitiske samanheng. Riksmålsordboka har mange negative omtalar av bokmål, og Norsk Ordbok har tilsvarande mange negative omtalar av riksmål. Tilfeldig? Trur ikkje det.

Sitata om dei fleste orda som er sjekka, er jamt over greie utan språkideologisk innhald. Fire oppslagsord skil seg ut. Akademiets ordbokredaksjon er like positiv om riksmål som den er negativ om bokmål, og redaksjonen i Norsk Ordbok var like negativ om riksmål.

For nokre av dei fire oppslagsorda finst enkelte positive utsegner, men det hjelper ikkje. Særleg redaksjonen av Akademiets ordbok har altfor mange sitat som er openbert tendensiøse. Der er ein brodd i den ordboka, ikkje mot nynorsk, men for riksmål og mot bokmål. På den andre sida, Norsk Ordbok prøver ikkje eller greier ikkje å skjule brodden mot riksmål.

 PositiveNegative 
Norsk Ordbok  Landsmål: 2Riksmål: 4
Det Norske Akademis ordbok Riksmål: 4Bokmål: 4

Det er nok ikkje utan lett å finne positive utsegner om riksmål på nynorsk, men her burde redaksjonen ha redigert meir nøytralt. Å finne nøytrale utsegner om bokmål og riksmål på riksmål og bokmål, burde ikkje vere nokon heksekunst. Det ordet som for all del ikkje skulle vise att i tittelen på ordboka, er den skjulte sigerherren inn i ordbokspaltene. Norsk Ordbok viser språkstriden, og Akademiordboka fører vidare den sprogstriden som ikkje eksisterer som oppslagsord.

Den mest interessante formuleringa i Norsk Riksmålsordbok står i spalte 391 i første bandet. Der er bokmål definert med atterhald: «for tiden den offisielle betegnelse på norsk riksmål». Stortinget hadde i 1929 fastsett nemningane nynorsk og bokmål. Setninga åtte år etter romma eit håp om at det ikkje skulle bli verande slik. Åtti år seinare var sprog historielaust skrive ut av språket.

 

Ottar Grepstad