Språkleg respekt i Vestlandsregionen

Språkleg respekt i Vestlandsregionen

Svar til Arne Waage i Sunnmørsposten 17.10.16

Innlegget til Arne Waage vart publisert i Sunnmørsposten 11.10.16

Ordskiftet om språk i Vestlandsregionen har som venta aktivisert Bokmålsforbundet. Det plar ikkje vere språkleg presisjon som pregar det dei skriv. Arne Waage er heller ikkje plaga med dette i innlegget sitt i Sunnmørsposten 12. oktober. Der skriv han at nynorskbrukarane har reagert på at «nynorsk ikke ble valgt som eneste tillatte målform i regionen».

Jaså?

Råd og styre i Nynorsk kultursentrum har argumentert tydeleg og balansert for at nynorsk skal vere administrasjonsspråket i Vestlandsregionen, men også for at dei språklege rettane til private (innbyggjarar, bedrifter, organisasjonar og institusjonar) skal respekterast.

Vi meiner at nynorsk skal brukast i alle typar politiske dokument og i den offentlege kommunikasjonen med omverda. Derimot skal alle få svar frå regionen på det språket dei sjølve bruker, og regionen bør til dømes skrive på bokmål til bokmålskommunar. Vi føreset at alle skjema, blankettar og formularar skal finnast på både nynorsk og bokmål. I praksis vil det seie at tilsette i regionforvaltninga som skal kommunisere skriftleg med omverda, vil bruke både nynorsk og bokmål. I framlegget til språkreglar som vi publiserte 2. oktober, presiserer vi også at i intern kommunikasjon kan dei tilsette bruke det språket dei ønskjer.

Dette er noko heilt anna enn «eneste tillatte målform», og eg vonar at dei enkle, men detaljerte språkreglane kan gjere ordet «språknøytral» til ein hybelkanin.

Er det noko vi nynorskbrukarar ikkje stoler på, er det kravet om å vere språknøytral. Det prinsippet har i alle år vore misbrukt til å kamuflere eigenrådig bruk av berre bokmål utan respekt for språklege rettar. I staden har Nynorsk kultursentrum balansert både desse språklege rettane og andre omsyn i framlegget vårt til språkreglar, som kan lesast på Aasentunet.no.

Arne Waage slomsar også med dei harde fakta. Det er fint at han bruker «Språkfakta om Vestlandsregionen», men då bør han ta med heile biletet, ikkje berre det hjørnet han sjølv trivest best i.

Vestlandsregionen er språkdelt, det er det ingen tvil om. Nynorsk er mest brukt institusjonelt, bokmål mest brukt individuelt.

Åtte av ti kommunar har kravd at staten skal skrive på nynorsk til dei (tre av 85 kommunar har kravd bokmål). Sju av ti kyrkjesokn bruker nynorsk liturgi etter lokale folkerøystingar. Sju av ti aviser er redigerte på nynorsk eller på begge dei norske språka.

Seks av ti elevar i grunnskulen har nynorsk som førstespråk fordi foreldra deira ønskjer det, men nesten åtte av ti avgangselevar i vidaregåande skule bruker bokmål. To av tre vaksne skriv helst bokmål privat, og det legg Waage stor vekt på. Det han ikkje nemner, er at 36 prosent bur i nynorskkommunar, berre 17 prosent i dei tre bokmålsbyane Haugesund, Stavanger og Eigersund, medan 48 prosent bur i språknøytrale kommunar.

Nynorsk er altså viktig på Vestlandet, og Vestlandet er viktig for den samla bruken av nynorsk og for rettane til nynorskbrukarane. At nynorsk då skal vere grunnlaget for Vestlandsregionen, kallar Arne Waage ekstremisme. Eg kallar det respekt. Sist eg sjekka, fanst det ordet også på bokmål. På side 831 i Bokmålsordboka er det forklart med å «ta hensyn», vise «aktelse» eller «ærbødighet». Det er nettopp det Vestlandsregionen vil gjere med framlegget vårt.

 

Ottar Grepstad

direktør Nynorsk kultursentrum