Språkåret sluttar fredag 6.12. – og held fram
Prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk i Språkåret 2013Foto: Ivar Aasen-tunet

Språkåret sluttar fredag 6.12. – og held fram

«Året som aldri sluttar» er tittelen på avslutningsprogrammet for Språkåret fredag 6. desember i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. – Vi skal vise kva vi har gjort, peike på den store samanhengen mellom språk og demokrati, og vi skal svare på spørsmålet om Språkåret verka, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk.

Avslutningsfesten er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Språkåret 2013. Inviterte gjester kjem frå mange kantar, men arrangementet er ope for alle.

For første gong blir effekten målt

Dei siste tiåra har det vore gjennomført mange forfattarjubileum og årsmarkeringar. Effekten av slike markeringar og tiltak har aldri vore målt. Arrangørane har truleg ikkje våga gjere det fordi ein har vore usikre på utfallet, og då var fallhøgda stor.

– Lenge før Språkåret opna, bestemte vi oss for å gjennomføre ei spørjeundersøking med dei same spørsmåla før vi var i gang og heilt på tampen av året. Det tek tid å endre haldningar og få nokon til å skifte meining, men det var opplagt for oss at vi skulle offentleggjere resultatet same korleis det var. No ligg tala føre, og fredag fortel vi kva dei tala viser, seier Sæterbakk.

Kulturprogram like breitt som Språkåret

– Programmet denne kvelden speglar breidda i Språkåret og vil vise kor mykje ulikt folk har gjort dette året, seier Sæterbakk. I år er den første grammatikken for kvensk skriven ferdig. Eira Söderholm har leidd det arbeidet, og ho kjem frå Nord-Finland for å fortelje om arbeidet. Meir kunstnarlege innslag står Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn og artistane Moddi og Sigrid Moldestad for.

I den prosjektplanen for Språkåret som blei lagt fram vinteren 2012, blei det dokumentert at om lag 200 språk har vore brukte i Noreg det siste tiåret. Mange av dei blir å høyre i Ivar Aasen-tunet fredag. Kven som har fått æra av å stå for den offisielle avslutninga, vil ho framleis ikkje røpe. – Dei som er til stades, skal vere dei første som får vite det, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk.

Det har vore eit motto for oss at Språkåret skal vere året som aldri sluttar. Avslutninga fredag kveld markerer symbolsk at vi alle er språkbrukarar og at året held fram, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk.

 

Språkåret sluttar fredag 6.12. – og held fram
Sigrid Moldestad, Moddi og Brynjulf Jung Tjønn kjem på avslutningsfesten