Sommarjobb i Ivar Aasen-tunet

Sommarjobb i Ivar Aasen-tunet

Vi treng fleksible og allsidige medarbeidarar i sommar til å møte og leggje til rette for at publikum skal få ei god oppleving i Aasen-tunet. Vi er i år særskilt interesserte i medarbeidarar som kan bidra i eit rikhaldig sommarprogram med formidling av språk og litteratur til både born og vaksne.

Arbeidsoppgåvene er å ta i mot publikum, gjennomføre omvisingar, ekspedere i butikken, lage til enkle matrettar, servere i kafeen med meir. Det vil også vere aktuelt med noko utandørs vedlikehaldsarbeid og enkelt innandørs reinhald. Arbeidstida vil vere på dagtid og om lag annakvar helg frå 1. juni til 15. august.

Du må like å arbeide med publikum, halde god orden og bør helst ha røynsle frå liknande arbeid. I tillegg til at du kan snakke godt for deg på norsk, er det ein fordel om du snakkar minst eitt av språka engelsk, tysk eller fransk, og at du er kjend med norsk kulturhistorie.

Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Du må vere over 18 år og får timeløn etter lokalt lønssystem. Dagleg leiar er nærmaste overordna. Vi tilbyr eit triveleg og tett arbeidsmiljø i eit av dei vakraste og mest spennande bygningane i landet.

Fleire opplysningar om stillinga får du hos dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 79 eller 473 34 144.

Send søknad med referansar seinast torsdag 30. mars 2017 til admin@aasentunet.no

Ivar Aasen-tunet med Dei nynorske festspela er det einaste språkmuseet i Norden og ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Hovudbygningen i Aasen-tunet er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn, og det inneber ein arbeidsplass som skil seg frå det meste her i landet.

Nynorsk kultursentrum har 19 fast tilsette og har budsjettert med inntekter på 30 mill. kr i 2017. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.