Skapande skriving på kulturskulen til hausten
Brynhild Barstad, Åshild Widerøe og Einar OpsvikFoto: Aasen-tunet

Skapande skriving på kulturskulen til hausten

Kulturskulane i Ørsta og Volda samarbeider med Ivar Aasen-tunet om eit nytt fagleg tilbod. Frå hausten kan ungdom også velje «Skapande skriving».

– Vi trur at ungdommar i dag skriv mykje, og ønskjer å gi dei ein arena med motivasjon og rom for vidareutvikling, seier rektor Einar Opsvik ved Volda kulturskule. Målsettinga med det nye faget er å gi skriveglad ungdom eit tilbod om å vidareutvikle seg som skribentar og forfattarar. Ungdom i alderen 7. til 10. klasse kan søkje om plass på haustens første kull, men aldersgrensene er fleksible.

Bakgrunnen for det nye faget er at Norsk kulturskuleråd har laga ein rammeplan som seier at kulturskulane kan ha fem ulike fag, der eitt av dei kan altså vere skapande skriving. Saman med rektor Brynhild Barstad for Ørsta kulturskule og ei idemyldring med lærarane i kulturskulen, kom ideen om skrivekurset i samarbeid med Aasen-tunet.

–Vi vart svært glade for spørsmålet om eit slikt samarbeid, det ligg midt i kjerneverksemda vår, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet. Dei vil bidra med lokale og arrangere møter og kurs med forfattarar og skribentar i ulike sjangrar. Sjølve faglæraren er det kulturskulen som syter for.

Oppstarten av kurset er i august, søknadsfristen 1. mai. – Det ideelle er 8–10 elevar per gruppe, så blir det spennande å sjå kor mange som søkjer, seier Opsvik.