Signert intensjonsavtale om Diktarhuset i Lom
Frå venstre: Ordførar Iselin Jonassen (Vågå kommune), ordførar Rolv Kristen Øygard (Skjåk kommune), ordførar Bjarne Eiolf Holø (Lom kommune og ved bordet styreleiar Lodve Solholm (Nynorsk kultursentrum).

Signert intensjonsavtale om Diktarhuset i Lom

Tidlegare i år vedtok kommunestyra i Skjåk, Lom og Vågå samrøystes å godkjenne ein intensjonsavtale med Nynorsk kultursentrum om utvikling og drift av Diktarhuset i Lom. Måndag 24. august signerte partane avtalen i Geiranger.

Der overleverte også Rita Mundal ein forprosjektrapport til kommunane og Nynorsk kultursentrum. Samstundes hadde styringsgruppa for prosjektet sitt første møte. Der er ordførarar og rådmenn i dei tre kommunane med saman med styreleiar og direktør i Nynorsk kultursentrum.

- For første gong i arbeidet vårt har vi ikkje berre eit, men tre samrøystes kommunestyre bak utviklinga av ei driftsavdeling, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. - Partane har ei felles og tydeleg forståing av eit høgt ambisjonsnivå for Diktarhuset, og det er viktig for oss.

Kommunane har løyvt 350 000 kroner til det vidare arbeidet, og i november fastset styringsgruppa eit budsjett for det utviklingsprosjektet som skal klargjere alle sider av Diktarhuset. Partane oppnemner seinare i år ei arbeidsgruppe som Nynorsk kultursentrum leier. - Vi har teke på oss å stå for sjølve utgreiingsarbeidet i 2016 og 2017, seier Ottar Grepstad. - Noko av det vi kjem til å bruke mest tid på, er lokal forankring og involvering slik at alle gode krefter dreg i same lei.

Diktarhuset skal bli ei ny driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet, Hauge-senteret og Vinje-senteret. Gjennom utviklingsprosjektet blir alle økonomiske rammer for investering og drift avklara, og då avgjer kvar kommune om dei blir med vidare. - Vi skal nok gjere det vi kan for at dei med glede takkar ja når den tid kjem, seier Grepstad.

Les intensjonsavtalen her (pdf)