Samefolkets song / Sámi soga lávlla
Foto: Stortingsarkivet

Samefolkets song / Sámi soga lávlla

Isak Saba (1906)
Til nynorsk ved Jon Eldar Einejord (1974)

Langt nord under Himmelbogen
skimrar Sameland i løyndom.
Fjell ligg utstrekt attom fjellrygg,
vassrik innsjø etter innsjø.
Tindar, rygger, åsar, vidder
syner seg mot høge himmel.
Elvar kvervlar, skogar susar.
Bratte nes med stålgrå farge
står mot havet sjodande.


Vinterstid er kalde vindar,
ovleg snøfokk fyller lufta;
likevel med hugvarm kjærleik
sameætta held av landet;
månen skin for ferdamannen,
nordlys flimrar over kvelven,
knaking, grynt frå skogholt høyrest,
sterkt eit sus frå vatn og vidder
kjerris-skvalping gjennom snø. 
 

Og når sommarsola gyller
skogar, hav og havsens strender,
i det gylte, fiskarfolket
voggar der på hav og sjøar.
Gull-lik glimar kvar ein vassfugl,
sølvlikt fløymer store elvar;
stakar blenkjer, årar glimtar,
ut i straumar, stryk og stille
sigler båtmenn under song.

 

Sameland sitt folk av samar,
det har ikkje gitt seg under
mordartjudar, banna kjøpmenn,
sløge, falske skattefutar.
Heil deg, tålsemds ættefolk!
Heil deg, fredsemds ættefolk!
Ikkje strid er stridd for hugnad,
ikkje blod av brør har runne
der hos stillsam sameætt.

 

Eldste ættled som vi kjenner
vann sin siger over vondskap;
la oss òg med tålsemd vinne
over dei som held oss nede!
Seige folk av solas søner!
Falske vener ikkje vinn deg,
når ditt eige språk du aktar,
og du hugsar fedreordet:
Sameland for samane! 

 

Nordsamisk tekst: Isak Saba (1875–1921)
Melodi: Arne Sørli (1904–1969)
Til nynorsk ved Jon Eldar Einejord (1939–2007)
Publisert digitalt med løyve frå Kari Einejord

 

Den samiske avisa Sagai Muittalægje publiserte diktet i nr. 7, 1.4.1906. Den nordiske samekonferansen i Åre 1936 godkjende «Sámi soga lávlla» som samisk nasjonalsong, og den 15. samekonferansen i Helsingfors 1992 godkjende melodien. Landssekretær Jacob Børretzen i Norges Finnemisjonsselskap gjendikta songen til bokmål, og i 1974 publiserte Syn og Segn den nynorske gjendiktinga av Jon Eldar Einejord.

Einejord var frå Skånland og arbeidde i Karasjok frå 1972, frå 1975 til 1997 som rektor ved Samisk videregående skole. Der gjorde han samisk til obligatorisk fag. Han gjendikta frå fleire samiske språk, skreiv også sjølv dikt og var ihuga nynorskbrukar. Einejord gav mellom anna ut Innføring i nordsamisk (1981) og den samiske læreboka Divttaid logadeapmi. Bagadallan joatkkaoahpahusa sámegiela vuosttasgiela oahpaheapmái (1991).