Rikhaldig vårprogram i Aasen-tunet

Rikhaldig vårprogram i Aasen-tunet

Forfattarmøte, konsertar, temakveldar og familiedagar er berre noko av det Ivar Aasen-tunet byr på utover våren.

– Vi gler oss spesielt til å presentere det nye konseptet Bok og bakverk, der ein utvalde onsdagar på dagtid får presentert aktuell litteratur, musikk frå elevar ved Volda vidaregåande og fersk bakst, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet.

Fredag 17. februar blir det Atlanterhavskveld med torettars middag. Programmet er inspirert av havet, både som band og skilje mellom liv og død, folk og nasjonar. Forfattarane Ottar Fyllingsnes og Guri Aasen fortel om Færøyane og Fiskarkona og døtrene hennar. Museumsstyrar og båtbyggar Håvard Hatløy fortel om prosjektet “Båten og mennesket”. Den levande legenda Hanus G. Johansen tek turen frå Færøyane og set ei stemningsfull, musikalsk ramme rundt det heile. På menyen står ein fiskerett av herlege råvarer frå Atlanterhavet, med god vin og dessert til.

I mars blir det kunstverkstad for vaksne inspirert av den kvardagsfilosofiske boka Begrav meg i snø av Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud. Rita Slåtterøy frå Seanse rettleier i enkle male-, kollasj- og trykkjeteknikkar.

Utover våren blir det foredrag om «Italia, Ferrante og yttergrensa vår mot sør» av forfattar og Elena Ferrante-omsetjar Kristin Sørsdal, og stipendiat Øystein Hide fortel om si eiga forsking på den nynorske dagboktradisjonen. Aasen-tunet markerer også Den internasjonale morsmålsdagen 21. februar med morsmålskafé.

På kvinnedagen 8. mars møter journalist Torill Myren forfattarane Kristin Fridtun og Magnhild Folkvord til samtale om bøkene Kjønn og ukjønn og Betzy Kjeldsberg: Feminist og brubyggjar. Jorunn Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet syter for musikk.

Dei populære familiedagane blir det fleire av denne våren, og denne gongen skal det handle om spreke eventyr, hai og teiknspråk. I påskaveka susar Lurivar innom for å løyse eit nytt påskemysterie.

– Vi gler oss til fleire gode musikkopplevingar. Først ut er brørne Lars og Ola Bremnes søndag 5. februar, ein konsert med både nye songar og gamle perler. På kvinnedagsarrangementet 8. mars kjem duoen Jorunn Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet med eit variert og sjølvskrive repertoar, og på Atlanterhavskvelden kjem færøyske Hanus G. Johansen, som syng både på færøysk og norsk. Han har mellom anna sett musikk til fleire Jakob Sande-dikt, avsluttar Waagan.

Lenkje til billettsalet her