Programansvarleg i Ivar Aasen-tunet
Dei nynorske festspela 2017. "B for barndom". Litteratursamtale med Lars Mæhle, Maria Parr og Marit Kaldhol (samtalel.). Salen, Aasen-tunet, 1.7.2017.Foto: Cathrine Vik Breiteig

Programansvarleg i Ivar Aasen-tunet

Vil du vere med og fylle Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela med innhald? Vi har ledig ei spennande stilling for ein som liker å få ting til å skje.

Som programansvarleg i Ivar Aasen-tunet bygger du opp dei årlege programma for Dei nynorske festspela og eit variert kulturprogram året gjennom for svært ulike målgrupper. Kjernen i verksemda er arrangement om språk og alle former for litteratur på nynorsk. Breidda i arrangementstilbodet er stort, frå familiedagar og litterære arrangement for barn og unge, til konsertar, samtalar og debattar for vaksne. Du leiar arbeidet med å utvikle programidear saman med andre tilsette, budsjetterer festival- og sesongprogram, held god framdrift, utviklar vidare etablerte nettverk i inn- og utland, og posisjonerer verksemda lokalt og nasjonalt.

Du treng relevant høgare utdanning i eit kulturfag, bør vere godt kjend med språk og litteratur og godt orientert om det som rører seg i kulturfeltet. Eit godt kontaktnett i kunst- og kulturmiljø, og røynsle frå festivalar eller andre større kulturarrangement, kjem godt med. Med ansvar for over 70 arrangement kvart år må du like å ha mange ballar i lufta samstundes og kunne arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med andre i og utanfor organisasjonen. Budsjettarbeid og økonomistyring er ein del av kvardagen. Dagleg leiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø.

Hos oss nyttar alle nynorsk i alle samanhengar. Stillinga krev stø språkføring, og god kjennskap til eit framandspråk er ein fordel. Nynorsk kultursentrum er medlem i Virke. Vi tilbyd ein positiv bedriftskultur og engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, afp-ordning, gruppelivsforsikring. Løn ut frå lokalt lønssystem. Stillinga er fast og 100 %.

Fleire opplysningar får du hos dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 78 / 473 34 144.

Grip sjansen: Send søknad med cv og relevante vedlegg seinast måndag 4. september til admin@aasentunet.no.

Ivar Aasen-tunet er Nordens einaste språkmuseum, Noregs eldste personmuseum, ein arena for formidling og kulturopplevingar og arrangør av Dei nynorske festspela. Vi er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum som også driv Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Vinje-senteret (under etablering) og Allkunne. Nynorsk kultursentrum har 19 fast tilsette og har budsjettert med inntekter på 30 mill. kr i 2017. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.

MERK: Nav kopierte denne annonsen og skreiv at det var eit vikariat. Det stemmer ikkje, dette er ei fast stilling. På grunn av denne misforståinga utvidar vi den opphavlege søknadsfristen til 4. september.