Premiere på ny turné

Onsdag 15. januar var det premiere på Oppdrag alfabet! i Barnas Vel i Ørsta.

Oppdrag alfabet! er eit heilt nytt program for 5 og 6-åringar i barnehagen, der du møter agent ordspion Lurivar av Aasen-tunet saman med skodespelar og bokstavboksleikunderassistent Karoline Isaksen.
Ørsta kommune, Ørsta Mållag og Ivar Aasen-tunet har gitt framsyninga i gåve til alle fem- og seksåringane i Ørsta kommune i samband med Språkåret 2013 og at Ørsta vart kåra til Årets nynorskkommune 2013.

Lurivar samlar på ord i små og store boksar. Men ein dag finn han ikkje att I-boksen! Kan det vere ein bokstavtjuv som er på ferde? Oppdrag alfabet! er ei framsyning med mykje dialog mellom skodespelaren, handdokka Lurivar og barnehageborna. Her blir det underfundige teoriar og lure sprell for å løyse mysteriet.

Manus og konsept er utvikla av Språkfolk, på oppdrag for Nynorsk kultursentrum. Regi ved Knut Alfsen frå Levende Dukker. Produksjonen er ein del av Den kulturelle skulesekken, og skal ut på turne i 2014.