Peter Hognestad-jubileet opnar på Bryne tysdag

Tysdag kveld 9. februar opnar Peter Hognestad-jubileet 2016 med ein stor kulturkveld i Bryne kyrkje i regi av Time historielag og Bryne sokneråd.

Peter Hognestad-jubileet opnar på Bryne tysdag
Peter Hognestad (foto:ukjend)

– Hognestad var saman med Elias Blix og Anders Hovden den fremste i arbeidet med å opne Den norske kyrkja for nynorskbrukarane, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som leier arbeidet med å feire 150-årsjubilanten lokalt og nasjonalt.

Den 9. februar møtest også representantar frå lokale og nasjonale institusjonar saman med slekta på Bryne for å drøfte det vidare jubileumsarbeidet og fastsetje ein førebels arrangementsplan. Det er alt klart at det blir arrangement på fleire stader i landet fram mot hovudmarkeringa på Jæren på 150-årsdagen 12. november.

Biografi av Per Halse

Peter Hognestad (1866–1931) frå Time på Jæren var biskop i Bjørgvin 1916–1931. Omsetjinga hans av altarboka blei teken i bruk i 1907, han var hovudredaktør for Bibelen på nynorsk i 1921, og han var ein av tre hovudredaktørar for Nynorsk Salmebok i 1925.

Først no blir den store biografien om dette livsverket skriven. Tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse, bruker friåret sitt etter rektorgjerninga til å skrive det verket. I 2009 la han fram ei doktoravhandling om framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859–1908.

Ambisiøse mål

Peter Hognestad-jubileet blir gjennomført utan noka særskild løyving frå det offentlege. Likevel er måla ambisiøse, seier Ottar Grepstad.

– Gjennom dette jubileet skal vi dokumentere og formidle Peter Hognestads verk og samfunnsrolle, drøfte kyrkja si rolle i utviklinga av Noreg som eit fleirspråkleg samfunn, og vi vil fremje bruken av nynorsk i kyrkje og lekmannsrørsle. Såpass må det vere for ein som også omsette «Fager kveldssol smiler» og «Det hev ei rose sprunge», meiner Grepstad.

 

Peter Hognestad (1866–1931)

Fødd på Hognestad i Time 12.11.1866
Konfirmert av Lars Oftedal i Stavanger november 1881
Teologisk embetseksamen i Kristiania desember 1891
Omsette «Tekstbok og altarbok for Den norske Kyrkja» i 1900, godkjend til bruk i 1907
Omsette mellom anna «Fager kveldssol smiler» og «Det hev ei rose sprunge»
Underviste ved Menighetsfakultetet 1908–16
Biskop i Bjørgvin 1916–1931
Hovudredaktør for omsetjing av Bibelen til nynorsk 1916–21
Ein av tre hovudredaktørar for Nynorsk Salmebok 1921–25
Døydde i Bergen 1.9.1931

 

Les artikkelen om Peter Hognestad på allkunne.no