Overskot i Nynorsk kultursentrum
Foto: Hauge-senteret / Jorid Lekve Eide

Overskot i Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum fekk eit overskot på 921 000 kroner i 2014 og har no ein eigenkapital på nær 2,9 millionar.

– Etter rekordåret 2013 venta vi at 2014 ville bli stramt og krevjande. I staden blei eigeninntektene høge nok til at vi kunne setje av pengar til vidare vedlikehald, seier direktør Ottar Grepstad.

Den samla omsetninga var på 32 millionar og med det nesten like høg som i Språkåret 2013. Den nasjonale kulturinstitusjonen med driftsavdelingar i Ørsta og Ulvik hadde 29 679 gjester.

Millionstore investeringar

Nynorsk kultursentrum gjennomførte tre store investeringsprosjekt i 2014 til ein samla kostnad på 5,1 millionar. Alle prosjekta blei fullførte innanfor budsjett og tidsplan. – Basisutstillinga i Hauge-senteret blei fullført innanfor budsjett, vi investerte 1,2 millionar av eigne midlar i Hauge-senteret og heradshuset, og basisutstillinga i Aasen-tunet fekk fleire nye innslag, seier Grepstad.

For første gong arrangerte Nynorsk kultursentrum både Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival. Begge gjekk med overskot. 

Nesten 100 frivillige

Med nesten 100 frivillige under dei to festivalane hadde Nynorsk kultursentrum fleire frivillige enn nokon gong før. – Festivalane våre er like avhengige av frivillige som andre festivalar er, og det gledde oss stort at den solide gjengen av frivillige ved Ulvik poesifestival blei med vidare då vi tok over, seier Grepstad.

I 2014 var over 250 personar knytte til verksemda i Nynorsk kultursentrum. Av desse var 17 fast tilsette og 65 andre medarbeidarar, 58 var med i styre og råd, 17 fagfolk frå heile landet var med i tre utval, og dessutan 94 frivillige.

– Samfunnsrekneskapen vår viser at vi skapte verdiar for mange, seier Grepstad. – Vi betalte over 3,9 millionar i forskotstrekk og arbeidsgivaravgift og nesten 2 millionar i honorar til utøvarar, konstaterer direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Overskot i Nynorsk kultursentrum
Frivillige under Dei nynorske festspela 2014 (foto: Laila W. Lid)

 

Nynorsk kultursentrum

• Driftsavdelingane Ivar Aasen-tunet (Ørsta) og Olav H. Hauge-senteret (Ulvik)

• Festivalane Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival

• Nettstadene Aasentunet.no, Haugesenteret.no, Festspela.no, Poesifestivalen.no, Tunkatten.no og Handlenett.no

• Allkunne AS og nettstaden Allkunne.no

• Medlem (medeigar) i Norsk Barneblad

• Forvalting av Vinjefondet på oppdrag frå Kulturdepartementet