Opplevingar for alle i sommar

Opplevingar for alle i sommar

Ein tur i nærområdet, lunsj i kafeen, eit besøk i utstillinga eller gåvehandel i butikken? Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og vi ønskjer velkomen til kjekke opplevingar i og rundt tunet. Her er noko for ein kvar smak!

I området rundt Aasen-tunet er det fleire fine turmål, blant anna Høgetua, ein gåtur på om lag 15 minutt. Her er det fint å slappe av med flott utsikt over Hovdevatnet og her finn du også Lurivar sitt utebibliotek med mange kjekke bøker for born og unge.

Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Du kan sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke, høyre forfattarar fortelje om dikting, snurre på ein globus som viser utbreiinga av skriftsystem verda over. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke.

For borna kan vi by på fleire aktivitetar i utstillinga, blant anna bokstavjakt, aktivitetsverkstad der ein kan brette si eiga bok, lage bokmerke og besøke Lurivar sin hems. Og siste veka i juli er det igjen klart for Lurivar-vandreteater frå måndag til fredag.

Nye produkt i butikken

Opplevingar for alle i sommar
Termos med sitat av Olaug Nilssen

Butikken har eit breitt utval av nynorske bøker og mange flotte gåveartiklar som passar til både bursdagar, bryllaup og andre selskap. Nokre av årets nye produkt er blant anna sitjeunderlag i ull med sitat av A.O. Vinje og termos med sitat av Olaug Nilssen. Dette kan vere kjekt å ha med på tur i sommar. Vi har også den populære Aasen-boksaren i mange spreke fargar, teiknesaker for born, koppar og servise og ei rekkje andre produkt.

Kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker, kake, kaffi og is. På fine dagar er det kjekt å sitje i utekafeen saman med gode vener.