Nytt godt år for Nynorsk kultursentrum
Ottar GrepstadFoto: Ivar Aasen-tunet

Nytt godt år for Nynorsk kultursentrum

– 2014 blei eit nytt godt år for Nynorsk kultursentrum, seier direktør Ottar Grepstad.

– Vi fullførte arbeidet med to basisutstillingar, Stortinget følgde opp det arbeidet vi sette i gang i 2010 for å få Grunnlova på nynorsk, vi fekk mange fleire gjester enn vi hadde rekna med og var til stades i 44 kommunar med arrangement eller utstillingar.

Nynorsk kultursentrum hadde samla inntekter på om lag 31 millionar kroner, gjestetalet passerte budsjettet med 38 % og enda på 28 700, og institusjonen har no 17 medarbeidarar i heiltidsstillingar i Ørsta og Ulvik.

Olav H. Hauge-senteret betre enn budsjett

Olav H. Hauge-senteret i Ulvik kom i full drift frå september og gjennomførte for første gong også Ulvik poesifestival. I alt hadde senteret om lag 5500 gjester i 2014, og både billettsal og butikksal blei betre enn budsjettert. – Basisutstillinga blei laga i samsvar med ein omfattande utstillingsplan, var ferdig i rett tid og blei fullført innanfor det fastsette budsjettet på 4,7 millionar kroner, seier dagleg leiar Geir S. Netland i Hauge-senteret.

Endå ein skulesekkproduksjon frå Ivar Aasen-tunet

Med 23 000 gjester blei 2014 det nest beste publikumsåret i historia for Ivar Aasen-tunet. Berre i 2013 vitja fleire tunet. Både butikken og kafeen i Aasen-tunet selde for meir enn budsjettert. – Vi satsar mykje på Den kulturelle skulesekken og hadde i 2014 premiere på den femte produksjonen vår. Særleg gledeleg var det at vi hadde mange framsyningar i Hordaland i fjor, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Allkunne den største nettstaden

Dotterselskapet Allkunne AS lagar digitalt kvalitetsinnhald på nynorsk og er eitt av to redigerte leksikontilbod på norsk. Ved årsskiftet hadde Allkunne publisert om lag 15 000 artiklar. No er Allkunne den mest innhaldsrike av dei sju nettstadene Nynorsk kultursentrum driv. – Publikum spør etter kvalitetstilbod også i sosiale medium, og difor er dette eit viktig kontaktpunkt, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Planlegg Vinje-senter til 2018

I fjor haust fordelte Nynorsk kultursentrum godt over 400 000 kr i restmidlar frå Språkåret 2013 til seks ulike prosjekt som dekkjer både bokmål, nynorsk, samisk og kvensk. For første gong sidan 2010 kan dei tilsette sjå fram til eit ordinært driftsår, men ikkje meir ordinært enn at nye prosjekt er i emning.

–Vinje kommune meiner alvor med ideen om eit Vinje-senter for dikting og journalistikk, og det gler oss at også Telemark fylkeskommune no kjem med i dette arbeidet. – Før året er omme, skal vi leggje fram ein samla plan for dette senteret, seier direktør Ottar Grepstad.

Nynorsk kultursentrum 2014

  • Arrangement og utstillingar i 44 kommunar i fem fylke: Aukra, Aure, Bergen, Fræna, Giske, Gjemnes, Granvin, Halsa, Haram, Hareid, Haugesund, Herøy, Hjelmeland, Hå, Karmøy, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Meland, Molde, Norddal, Osterøy, Randaberg, Rauma, Sande, Sandnes, Skodje, Sogndal, Stavanger, Stord, Strand, Sula, Time, Ullensvang, Ulstein, Ulvik, Vanylven, Vinje, Volda, Voss, Ørskog, Ørsta og Ålesund, dessutan Helsingfors
  • 28 700 gjester på arrangement og utstillingar, og 133 000 unike nettstadbrukarar
  • Sidan 2000 har over 3,7 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 148 kommunar i inn- og utland
  • 24 stiftarar, mellom dei fem fylkeskommunar, heile målrørsla og mange universitet og høgskular
  • 17 fast tilsette og om lag 40 deltidstilsette
  • Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, det allmenne nettleksikonet Allkunne og seks andre nettstader
  • Medeigar i Norsk Barneblad
  • Forvaltar Vinjefondet for nynorsk i pressa, på oppdrag frå Kulturdepartementet
  • Leier arbeidet i Nynorsk Forum

(5.1.15)