Nytt Ivar Aasen-frimerke
Dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunetFoto: Inger Johanne Sæterbakk

Nytt Ivar Aasen-frimerke

Onsdag 4. september kl. 10.00 lanserte Posten Norge to nye frimerke med Ivar Aasen og Det Norske Teatret.

Lanseringa skjer i Språkåret 2013, der det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret blei opna. Dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet avduka Aasen-frimerket på Det Norske Teatret i Oslo:

Til Ivar Aasen, Teatergaten 6, Kristiania

Då Ivar Aasen vart fødd for 200 år sidan, var det 25 postkontor, 6 postekspedisjonar og 97 postopneri i Noreg. Eitt av desse postopneria låg på Ekset, nabogarden til Åsen i Hovdebygda. På den same garden hadde postopnar og lensmann Sivert Aarflot (1759-1817) også trykkeri og gratis lånebibliotek. Ivar Aasen vaks med andre ord opp i eit miljø der skriftkultur og lesing stod sterkt, og den oppveksten var ein viktig føresetnad for det han skulle utrette seinare i livet.

Om det ikkje var for posten, hadde vi ikkje visst så mykje om Ivar Aasen som det vi i dag veit. Ein kan lære mykje om både personen og vitskapsmannen Aasen gjennom å lese breva han sende til ulike personar og institusjonar. Gjennom breva heldt Aasen kontakten med fagmiljø og vener.

Det viktigaste brevet i Aasen sitt liv, kom ikkje med posten. Før Aasen tok til på innsamlingsferdene sine på kryss og tvers i Noreg, venta han nesten eit heilt år på dette brevet som skulle avgjere framtida hans. Det brevet kom aldri til Solnør der han då var huslærar, men det var ikkje postverket si skuld. Aasen blei til slutt så utolmodig at han sjølv reiste til Trondheim for å høyre om vitskapsselskapet hadde stipend å gi han til å byrje på si reise i det norske språket. I juli 1842 kom han til Trondheim og fekk høyre at rektor Bugge i november året før hadde tilrådd direksjonen i Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab å yte ei årleg støtte til dette ganske overordentlige videnskabelige, navnlig lingvistiske, Talent. Onsdag 2. mars 1842 hadde Bugge skrive brev til Skolelærer Iver Aasen med melding om det positive vedtaket, men å levere det til posten gløymde han.

To år etterpå avslører han i brevs form den sterke ambivalensen han hadde til reiseverksemda som måtte til for å finne det norske språket. Under mit Ophold i Ullensvang blev jeg kjendt med mange Mennesker og mange Familier, og overalt fandt jeg en særdeles Venlighed, Velvillie og Aabenhjertighed, skreiv han i eit brev til Maurits R. Aarflot, 4. juli 1844.

Same dagen skriv han i eit anna brev til Niels Alstrup: Jeg bliver ogsaa inderlig kjed af disse Reiser; de føre saa mange Ubehageligheder med sig, og dersom jeg ikke interesserede mig saa meget for Sagen selv, skulde jeg [med] største Fornøielse slaae mig til Rolighed med det som allerede er samlet.

Det er i eit brev han avslører kven han helst ville ha gifta seg med, men det var ikkje i eit kjærleiksbrev han skreiv det. Broren til den utkåra, Ludvig Daae, kunne tidleg i juni i 1852 lese at Der er kun en Pige, som jeg kjender saa vel, at jeg med Tryghed vilde overlade mig til hende; der er En, som jeg i langsommelig Tid har været forlibt i, uden at turde sige et Ord derom. (…) Det er ingen anden end S–. Susanna altså, som han tidlegare var læraren til. Noko friarbrev sende han aldri til ho.

Ivar Aasen fekk om lag 570 brev frå nær 230 avsendarar, og sende sjølv rundt 460 til om lag 160 mottakarar. Aasen-forskaren Reidar Djupedal skil mellom det han kallar pliktbrev og meir personlege brev. Mellom pliktbreva finn vi til dømes arbeidsmeldingane han sende frå seg halvårleg eller årleg til vitskapsselskapet i Trondheim og seinare Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Kristiania. I dei meir personlege breva til vener og kjenningar, kunne det også vere ein viss grad av plikt, ifølgje biografen Kjell Venås, men det var meir av dårleg samvit for at han ikkje hadde skrive før. Men sjølv dei personlege breva la han mykje arbeid i, og kladda gjerne eitt eller fleire utkast først.

Venås skriv at eit vanleg innslag fram mot slutten av mange brev, er at posttimen er komen. Skrivaren måtte skunde seg å bli ferdig for å få brevet med når posten gjekk. Kvardagen kunne ha sine stressmoment også midt på 1800-talet.

Det var i denne mest travle tida til Ivar Aasen at det første norske frimerket blei utgitt, i 1855. Og no, 200 år etter han vart fødd, skal han sjølv få følgje med på ferda når arbeidsmeldingar, søknader, invitasjonar og brev til vener og kjende blir sende rundt i det same landskapet som han i si tid reiste gjennom.

 

Gaute Øvereng, 4.9.2013.

 

Last ned talen her (pdf)