Nynorsk kultursentrum veks: Opnar nytt litterært senter i Ulvik torsdag
Foto: Sunniva Lund Osdal

Nynorsk kultursentrum veks: Opnar nytt litterært senter i Ulvik torsdag

– Torsdag opnar Olav H. Hauge-senteret i Ulvik med eit komplett publikumstilbod. Dermed får Noreg eit nytt litterært museum, og det er noko så sjeldan som eit internasjonalt senter for lyrikk i mange former, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum veks: Opnar nytt litterært senter i Ulvik torsdag
Hauge-senteret

– Med Hauge-senteret i full drift har vi gjort det vi sa vi skulle gjere for fire år sidan, seier Ottar Grepstad. 

Ein høgare himmel

Strategien til Nynorsk kultursentrum er å forme vide mandat for kvar driftsavdeling. Aasen-tunet arbeider med alt som gjeld nynorsk skriftkultur, og Hauge-senteret skal arbeide med alle former for lyrikk, frå hymne og sonett til viser og songar.

– Dei forfattarskapane vi forvaltar, er store nok i seg sjølve. Med ein høgare himmel over desse får vi endå meir å spele på, og det verkar positivt inn på måten vi fortel om forfattarane våre på, seier Ottar Grepstad.

Alltid innanfor budsjett

Styret i Nynorsk kultursentrum har stilt eitt krav, og det er at nye tiltak skal styrkje etablert verksemd, ikkje svekkje den. Ivar Aasen-tunet går betre enn nokon gong, seier Grepstad og legg til: – Alle prosjekta vi har gjennomført, har vore haldne innanfor budsjett. Det gjeld også Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Olav H. Hauge-senteret er ei driftsavdeling på linje med Ivar Aasen-tunet i det konsernet Nynorsk kultursentrum no er blitt. Den nasjonale kulturinstitusjonen med hovudkontor i Ørsta, eig og driv to museum, to festivalar, eit digitalt oppslagsverk og sju nettstader. Med Hauge-senteret i full drift har Nynorsk kultursentrum no 17 fast tilsette, og institusjonen budsjetterer med samla inntekter på 32 millionar kroner i 2014.