Nynorsk kultursentrum seier nei til fylkesmuseum

Nynorsk kultursentrum seier nei til fylkesmuseum

– Nynorsk kultursentrum takkar nei til å vere med i eit fylkesmuseum i Møre og Romsdal. Alle tilsette, eit samla råd og eit samrøystes styre står bak den avgjerda, seier direktør Ottar Grepstad.

Nynorsk kultursentrum seier nei til fylkesmuseum
Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum (foto: Sunniva Lund Osdal)

– Vi er den einaste nasjonale kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, har 24 stiftarar frå Tromsø og sørover, har samlingar frå heile landet og driv museum i fleire fylke. Ein slik institusjon har ikkje noko i eit fylkesmuseum å gjere.

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider no med ein museumsplan for fylket. Planen for det arbeidet har vore ute på høyring med eit overordna spørsmål om det er grunnlag for å slå dei seks musea i fylket saman til eitt fylkesmuseum. I ei omfattande høyringsfråsegn legg Nynorsk kultursentrum den saka død for sin del.

 

Sjølvstendige institusjonar

I fråsegna viser Nynorsk kultursentrum til at Stortinget no legg vekt på at musea skal ha ei fagleg fri stilling med armlengds avstand til offentlege styresmakter. Då må institusjonane sjølve avgjere korleis dei vil organisere arbeidet sitt utan noka form for økonomisk eller anna press frå fylke eller stat.

«Nynorsk kultursentrum har i alle år lagt til grunn at vi er ein sjølvstendig kulturinstitusjon med armlengds avstand til alle offentlege styresmakter. Den posisjonen har vore ein nødvendig føresetnad for det vi har utretta og oppnådd», heiter det i fråsegna.

Der går Nynorsk kultursentrum inn for å utvide grunnlaget for offentleg museumspolitikk. I seinare år har dei såkalla fire F-ane vore framheva – forsking, formidling, forvaltning og fornying. «Nynorsk kultursentrum tek med denne høyringsfråsegna initiativet til at ein femte F for fridom blir innført i offentleg museumspolitikk. På den måten blir det institusjonelle sjølvstendet tematisert og formalisert i alt arbeid med vidare utvikling av norske museum», skriv styret.

Deler gjerne erfaringar

Nynorsk kultursentrum seier nei til fylkesmuseum
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum (foto: Aasen-tunet)

Nynorsk kultursentrum ser det som positivt at Møre og Romsdal fylkeskommune vil avklare si eiga rolle som tilretteleggjar overfor musea og gi tydelege signal om økonomiske prioriteringar, og vi deltek i planarbeidet med erfaringane våre, skriv styret i fråsegna.

Samstundes er styret kritisk til forarbeidet. «Fylkeskommunen burde ha gjort eit grundigare og meir systematisk forarbeid med høyringsdokumentet, involvert musea frå første stund og på den måten tidleg ha kunna avklara rammene for museumsplanen», meiner Nynorsk kultursentrum.