Nynorsk kultursentrum er Årets museum
Dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet, direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum (dagleg leiar Geir Netland i Hauge-senteret var ikkje til stades då bilete blei tatt)

Nynorsk kultursentrum er Årets museum

– Å bli Årets museum i konkurranse med så sterke kandidatar som Nordnorsk kunstmuseum og Munchmuseet er berre fantastisk, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Under det nasjonale museumsmøtet på Hamar onsdag tok han imot den gjeve prisen saman med direktør og leiarane for Aasen-tunet og Hauge-senteret.

I grunngivinga si kalla juryen Nynorsk kultursentrum ein pioner i museums-Noreg med «en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi». – Dei orda er som det finaste Hauge-diktet for oss, og no får vi berre lyst til å gjere endå meir. Den beste ideen er enno ikkje tenkt, jublar direktør Ottar Grepstad.

– Denne æra deler vi med millionar av gjester og brukarar, utøvarar og samarbeidspartar, stiftarar og sponsorar. Alt vi gjer, skal vere til nytte for nokon. Vi ønskjer ganske enkelt å vere det rause museet – ein viktig samfunnsinstitusjon med fagleg tyngd, stor tillit og overraskande initiativ som gir resultat.

Over 200 medarbeidarar på 17 år

Nynorsk kultursentrum blei stifta i 1993 og er no eit konsern med 18 fast tilsette i fleire driftsavdelingar. Aasen-tunet på Sunnmøre er det eldste språkmuseet i verda, Hauge-senteret i Hardanger det einaste lyrikksenteret i Noreg, Allkunne det einaste redigerte oppslagsverket på nynorsk, språk- og litteraturfestivalar blir arrangerte i Ulvik og Ørsta/Volda, og ved årsskiftet kjem ein samla plan for Vinje-senteret i Vest-Telemark.

– Vi har 18 fast tilsette og har på 17 år hatt så mange medarbeidarar på heiltid, deltid og i engasjement at måndag tok medarbeidar nr. 206 til, fortel Grepstad. – Dei har alle gjort sitt, og utan gode styre og styreleiarar hadde vi aldri vore der vi er no.

Driftsbudsjettet for 2015 er på 27 millionar, og Nynorsk kultursentrum har hatt sponsoravtalar heile tida sidan Aasen-tunet opna i 2000. – For kvar ekstra krone vi får i offentlege tilskot, skaffar vi ei krone sjølv. Alle store investeringar har vore gjennomførte innanfor vedtekne budsjett, seier Solholm.– Difor er det ei god investering å satse på oss. 

Årets museum 2015: Nynorsk kultursentrum

Ivar Aasen-tunet, Ørsta

Olav H. Hauge-senteret, Ulvik

Dei nynorske festspela, Ørsta og Volda

Ulvik poesifestival, Ulvik

Allkunne AS, Ørsta

Seks nettstader med alt innhald gratis for publikum

Vinjefondet, på oppdrag frå Kulturdepartementet