Ny utstilling om identitet

Fredag 1. juni blei det opna ei ny foto- og temautstillinga om språk og identitet i Ivar Aasen-tunet.

Politikar, lærar og nynorskbrukar Marit Nerås Krogsæter var den som hadde æra av å opne utstillinga, og stilte spørsmål ved det statiske i omgrepet identitet.

– Er identitet eigentleg noko som er statisk og som me har gjennom heile livet, eller er identitet noko ein kan leggje frå seg som ein gløymt ryggsekk i hattehylla i bussen? Kan ein eigentleg miste identiteten sin? stilte ho spørsmål ved.

– Sjølv ser eg på identitet som eit unikt puslespel som er deg, som er meg, som er oss. Eg trur ikkje at nokon kan vere akkurat den same som nokon andre, sjølv om ein kan ha likskapstrekk med einskilde grupper, miljø eller familien. Puslespelet, som er deg, er sett saman av mange ulike identitetar, for eg trur ingen kan vere ein identitet åleine.

Nerås Krogsæter hadde også inntrykk av det ofte er lett å setje merkelappar på folk, eller å bli sett i bås. Sjølv blir ho framleis kalla ungdomspolitikar, sjølv om ho har vore lengre i politikken enn mange som er eldre enn henne.

Innandørs har utstillingsmakarane i Aasen-tunet gått så langt som å snekre ein bås for å illustrere nettopp at det er lett å bli sett i bås når det gjeld identitetar. Inne i sjølve båsen kan ein sjå inn i eit kikkeskåp, der ein vil oppdage forvitnelege sitat om emnet.

Det har også blitt laga ein videoinstallasjon med sju personar, som svarar på det fundamentale spørsmålet «Finst det ein nynorsk identitet?». Mellom desse er Linda Eide, Geir Hjorthol og JON OLAV.

Fotoutstillinga utandørs er ein ny stor satsing frå Aasen-tunet, og det er fotograf Anne-Marte Før som står bak dette prosjektet. Tanken er å vise at det ofte berre er språket som er felles for nynorskbrukarane. Før var sjølv til stades på opninga av utstillinga, og nytta høvet til å takke personane som har stilt opp på dette prosjektet.

Utstillinga vil stå framme heile sommaren og hausten, og under Dei nynorske festspela er det gratis inngang.