Ny temautstilling om røynd og litteratur

Kvar går eigentleg grensa mellom faktabøker og skjønnlitteratur? Er det i det heile mogleg å drage opp ei slik grense? Temautstillinga «Sannare enn røynda?» opna i Aasen-tunet 15. juni, og set søkelyset på sambandet mellom fakta og fiksjon.

Den sterke bølgja av sjølvframstillande litteratur etter 2000 er bakgrunnen for at utstillinga er blitt laga. I stadig sterkare grad har ein sett at forfattarar har utfordra grensene mellom det som tradisjonelt har vore oppfatta som to sjangrar: sakprosa og skjønnlitteratur. For kva gjer ein når forfattaren skriv seg sjølv inn i romanen, med fullt samanfall mellom namn og stader frå røynda, slik Karl Ove Knausgård gjorde i det bandsterke verket Min kamp?

Professor i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda, Geir Hjorthol, opna temautstillinga med refleksjonar om teamet.

– Kva slags røynd er det snakk om når romanpersonar har same namn som levande personar? Dette fenomenet tvingar oss til å tenke gjennom på nytt skiljet mellom fakta og fiksjon, som alt for ofte blir teke for gitt som eit skilje mellom anten-eller. Kanskje er det ikkje så enkelt, sa Hjorthol til dei frammøtte.

Temautstillinga prøver å gi eit balansert bilde av eit saksfelt som blir sterkt debattert i litteraturmiljøet i dag, og har henta mange sitat frå ein debatt som har gått det siste året om såkalla «røyndsomslitteratur». I tillegg til plansjar og banner med bilde og tekst, er det fleire audiovisuelle installasjonar i utstillinga.

– Vi har laga ein videoinstallasjon der forfattar Ruth Lillegraven snakkar og les frå boka Manilahallen, som er eit diktverk som er basert på ein levande person, nemleg ei veninne av Lillegraven. Ho er også med i filmen, seier dokumentasjonsansvarleg i Aasen-tunet, Anders Anders.

I Gamlevegen i Aasen-tunet er det ein lydinstallasjon med utdrag frå romanar. I utstillinga finn ein dessutan ei digital forteljing, og mengder av bøker, avisklipp og aktuelle tidsskrift som publikum kan bla i. Temautstillinga inviterer også publikum til å skrive sitt eige liv, både som sakprosa og skjønnlitteratur.

– Så får ein sjå då kva som er mest sannferdig, faktateksten eller den skjønnlitterære, seier Aanes, og legg til at utstillinga står framme til slutten av november i år.

 

For meir informasjon:

Dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes, tlf. 700 47 580, anders@aasentunet.no

Dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 70047 578, gaute@aasentunet.no