Ny redaktør i Allkunne
Per Magnus Finnanger SandsmarkFoto: Jo Straube

Ny redaktør i Allkunne

Per Magnus Finnanger Sandsmark (26) frå Halden blir ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne. – Aldri har kunnskap vore så viktig og kvardagsleg som no. Dei fleste spørsmål kan svarast på ved å søkje etter dei riktige kjeldene. Allkunne skal vere ein del av denne kvardagen, seier Sandsmark. Han tek til i stillinga over nyttår.

Tidlegare redaktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er blitt dekan ved Høgskulen i Volda, og Stina Aasen Lødemel frå Ørsta er konstituert redaktør frå i dag etter å ha arbeidd som redaksjonssekretær i Allkunne i seks år. – Lødemel kan svært mykje om digitale medium, og eg er glad for at ho no vil utvikle Allkunne vidare, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Redaksjonelt sjølvstende

Allkunne.no er det einaste redigerte leksikonet på nynorsk. Det allmenne leksikonet blei opna i 2009 og inneheld vel 22 000 artiklar. I tillegg til dei tilsette har Allkunne ein tverrfagleg redaksjon frå heile landet. Kulturdepartementet løyver årlege tilskot til Allkunne som eit språkpolitisk tiltak.

Allkunne blei etablert som aksjeselskap i 2008. Frå 1.8.2016 blir Allkunne drive vidare som driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret.

– Redaktøren arbeider like sjølvstendig som før og kan ikkje overstyrast av verken styret eller meg, seier direktør Ottar Grepstad. Med endra driftsform er han sikker på at Allkunne og Nynorsk kultursentrum får endå meir ut av midlane som står til rådvelde.

Flyttar til Sunnmøre

Det siste året har Sandsmark arbeidd ved Hauge-senteret i Ulvik. Der har han mellom anna hatt ansvaret for programmet til Ulvik poesifestival, som opnar neste veke. Han har vore folkevald politikar og politisk rådgivar i Venstre, og dei to siste åra har han vore engasjert i tidsskriftet Minerva. Sandsmark er master i kulturhistorie og museologi med ei avhandling om immateriell kulturarv, har vore gjesteførelesar og skrive i fleire publikasjonar.

– Eg gler meg til å flytte til Sunnmøre, arbeide med Allkunne, vere med på å utvikle Nynorsk kultursentrum vidare og gjennom dette styrkje den nynorske skriftkulturen, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark.

– Etter kvart er det økonomisk-administrative spesialistar som leier mange kulturinstitusjonar. Sandsmark viser at tida for den grundige generalisten likevel ikkje var forbi, seier Ottar Grepstad.