Noreg rundt med Ivar Aasen
Foto: Meterologisk institutt / Aasen-tunet

Noreg rundt med Ivar Aasen

Fredag 29. september er det 175 år sidan Ivar Aasen la ut frå Ekset på si lange oppdagingsreise i det norske språket. – Vi har funne fram fleire godbitar frå Aasen sine reisedagbøker og brev, og løftar dei fram på nettstaden og på Facebook, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

På dagen 175 år etter kjem det første glimtet frå Aasen si reiseverksemd, og dette markerer startpunktet på ein rundtur over nesten heile landet. – Aasen var innom grender, tettstadar og byar, gjennom dalføre, og over vatn og vidder på leiting etter det norske språket. Det einaste av dagens fylke han ikkje vitja var Finnmark. Elles er det ei imponerande reiserute han kunne vise til, særleg med tanke på den tidas vegar og framkomstmiddel, seier Øvereng.

Mykje har vore sagt og skrive om Aasen sine reiser, men framleis er det detaljar og koplingar som ikkje har vore trekt fram tidlegare. Det er mykje å hente frå livet til ein mann som var på reisefot i 2735 dagar i løpet av 23 år.

 

Her finn du stadane han besøkte.