Mykje nytt i utstillinga

Mykje nytt i utstillinga

– Det blir meir å ta på, det blir fleire inngangar til kunnskap om språk, og det blir veldig mykje meir informasjon som går i djupna. Dette gjeld både språk i Noreg og i utlandet, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Han har leia arbeidet med den største utstillingsfornyinga i Aasen-tunet sidan opninga av nybygningen i 2000, og gler seg til å gi publikum nye tilbod.

– Bøkene til Ivar Aasen har vore utstilte heile tida, men no får ein òg høve til å bla i dei, seier Øvereng. – Rett nok i digital form, legg han til.

I tillegg blir det presentert nybrottsarbeid; publikum vil få sjå spenstige presentasjonar av dialektformer i Noreg og Norden.

– Vi set ikkje berre ting i ein ny samanheng, vi presenterer også noko som ikkje har vore vist før, seier Øvereng om dette.

Gode samarbeidspartar har vore viktig i utstilingsfornyinga, og den daglege leiaren understrekar at Aasen-tunet strekkjer seg langt for å bruke lokale leverandørar til dei fleste installasjonane.

– Men av og til må vi faktisk til utlandet for å få det vi ønskjer.

Det har òg vore svært viktig at born skal finne sitt i dei nye installasjonane. Namnet på utstillingsprosjektet, Høgt og lågt, gir ein tydeleg peikepinn på det.