Museum for heile familien
DikthjuletFoto: Kib og Morits

Museum for heile familien

Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket eller gå i Verdas minste kinosal?

I basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet finn du ei rekkje installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda.

For fleire sansar

Publikum kan snurre på kanalveljaren på ein gamaldags FM-radio og finne litterære røyster frå store delar av Europa. Utstillinga inneheld no også høgdepunkt i populærmusikk på nynorsk, stereoskop med Aasens eigne bilete, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og meir til. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos nokre av dei som bur i Språkhuset. Ein del av installasjonane er nybrotsarbeid, og tekstane i dei nye elementa ligg føre på engelsk, noko det ikkje har gjort før.

Kino og dikthjul

Borna får sjå meir til tunkatten Lurivar i Verdas minste kinosal. – Lurivar er veldig glad i besøk, og blir difor lei seg når han høyrer at det har vore born og sett etter han når han har vore på reise. Difor har han spelt inn nokre videohelsingar til borna som dei kan sjå i Verdas minste kinosal, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

I språkverkstaden kan både born og vaksne leike seg med å lage nye dikt i eit eigenutvikla dikthjul eller bryne seg på ulike kodeknekkingar.  

Ope kvardagar og kvar søndag

Måndag til fredag er Aasen-tunet ope frå 10 til 16 og kvar søndag frå 12 til 17. Butikken har eit stort utval varer og gode tilbod og kafeen serverer enkle lunsjrettar og heimelaga kaker.