Møtte museum frå heile verda
Gaute Øvereng, Laila Walseth Lid og Ottar Grepstad under presentasjonen av Nynorsk kultursentrum i Dubrovnik.Foto: Domagoj Režić

Møtte museum frå heile verda

Nynorsk kultursentrum var invitert til å presentere verksemda på verdskonferansen «Best in Heritage 2016» i Dubrovnik i helga. Ny kunnskap og nye kontaktar, samt gode tilbakemeldingar på eige arbeid vart med attende til Hovdebygda.

– Å høyre kva over 40 av dei fremste musea i verda gjer, og korleis dei gjer det, er noko av det mest inspirerande eg har vore borti. Denne verdskonferansen sa mykje om kva standard som gjeld, og kor tydelege mange museum greier å vere i det dei gjer, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. 

Saman med dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet og kommunikasjons-rådgivar Laila Walseth Lid, møtte Grepstad representantar for 27 av dei mest prislønte musea i verda dei siste to åra, frå Oseania, Asia, Europa og Amerika, i klassa for prosjektet med best innverknad.

Møtte museum frå heile verda
Ottar Grepstad

Nynorsk kultursentrum fekk mykje positiv merksemd under konferansen. Professor Tomislav Šola, som hadde ideen til denne konferansen, og har vore leiar like sidan det første arrangementet for 15 år sidan, sa at han hadde følgt med organisasjonen ei tid og var imponert over det dei hadde gjort. Han takka for ein framifrå presentasjon og sa at han var djupt rørt. Vinnaren av «Most influential project 2016» vart arbeidet med restaurering av nuragiske skulpturar frå bronsealderen i Monte Prama på Sardinia.

– Vi kan gle oss over svært givande respons og viktige samtalar med andre museum. Vi veit at vi kjem til å bli spurde til råds av museum i Estland, Tyskland, Kroatia og Italia, og vi har knytt kontaktar vi vil dra vekslar på i vårt eige arbeid framover, avsluttar Grepstad.

Manuset til foredraget kan du lese her