Lokalt konferansesamarbeid
Agnes RavatnFoto: Agnete Brun

Lokalt konferansesamarbeid

Ivar Aasen-tunet og Festspela er med på laget når Ørsta Næringskontor inviterer til Næringskonferansen på Søre Sunnmøre 17. mars.

Tema i år er «Omstilling og innovasjon», og blant foredragshaldarane finn du tidlegare festspeldiktar Agnes Ravatn. Ravatn har skrive boka Operasjon sjølvdisiplin, ein vitskapleg fundert og praktisk guide til korleis du kan gjenvinne viljestyrke og sjølvkontroll. Operasjon sjølvdisiplin er ei gjenkjenneleg og underhaldande bok spekka med råd om korleis du kan bryte dårlege vanar, arbeide konsentrert, få gode rutinar, og meir fritid utan dårleg samvit. Her kan kvar og ein av konferansedeltakarane få gode tips til ein meir effektiv kvardag.

Blant dei andre foredragshaldarane finn du mellom andre Kåre Willoch, Henrik Syse og Kari Traa, som vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2006. Heile programmet finn du på nkonferansen.no.