Kvar måndag: Songstund for store og små
Foto: Foto: Helene Vadset

Kvar måndag: Songstund for store og små

Kvar måndag kl. 14 er det songstund i Gamlemuseet, der publikum får vere med å bestemme kva vi skal syngje.

Anna Elise Vadset er ei av dei som tek deg med på ein halvtimes musikalsk reise med nye og gamle nynorske barnesongar. 
Songstundene er kvar måndag i sommar til og med 7. august. 

Kvar veke er det faste aktivitetar for vaksne og barn. Måndagane er det songstund, onsdagane bokkafé og fredagane lesestund heilt fram til 11. august. Billetten er del av inngangsbilletten til museet, og utstillingane har mykje både for store og små.

Lurivar har to eigne veker i sommar, 3.–7. juli og 24.–28. juli, der han tek med barna på ei reise til Ordpolen.