Kvar fredag: Lesestund for barn

Kvar fredag: Lesestund for barn

Kvar fredag kl. 14 er det lesestund med ulike barnebøker på hemsen til Lurivar.

Lesestunda varer om lag ein halv time og er ein av fleire faste vekeaktivitetar denne sommaren.

Måndagane er det songstund og fredagane lesestund heilt fram til 7. august.
Billetten er del av inngangsbilletten til museet, så borna kan ta seg god tid i språkverkstaden og besøkje verdas minste kino eller hemsen til Lurivar etterpå.

Lurivar har to eigne veker i sommar, 3.–7. juli og 24.–28. juli, der han tek barna med på ei reise til Ordpolen.  

Fredag 7. juli
Solveig Othilie Skare les frå Monsterboka.

Fredag 14. juli 
Solveig Othilie Skare les frå Jacob og Neikob –  Naboen av Kari Stai og Neimen Benny av Barbro Lindgren.

Fredag 21. juli 
Ingeborg Vikestrand les frå Epleslang av Vegard Markhus og Frosken og den framande av Max Velthuijs.

Fredag 28. juli 
Ingeborg Vikestrand les frå Gabba gabba hey av Frode Grytten og Henrik And av Anna Folkestad.

Fredag 4. august 
Solveig Othilie Skare les frå Krabbekrise av Anna Folkestad og Zara og dei av Bjørn Sortland.

Fredag 11. august 
Ingeborg Vikestrand les frå Mari og Magnus får katt av Ruth Lillegraven og Venner med venger av Erna Osland.

 

Inngang på billett til basisutstillinga