Kulturministeren æresgjest i Ivar Aasen-tunet
Trine Skei Grande, Roger Erlandsen, Grete Riise, Ottar Grepstad, Jostein Nerbøvik.Foto: Mona Lindseth, privat, Språkrådet, Lars O. Flydal, arkiv Aasen-tunet.

Kulturministeren æresgjest i Ivar Aasen-tunet

Kulturminister Trine Skei Grande er æresgjest når Nynorsk kultursentrum feirar 25 år fredag 28. september. Jubileet blir markert med eit dagsprogram i Ivar Aasen-tunet som er ope og gratis for alle og ein festmiddag om kvelden for 110 inviterte gjester frå heile landet.

Kulturministeren legg ned blomar ved Ivar Aasen-bautaen i tunet og held foredrag om samfunnsrolla til nasjonale kulturinstitusjonar. Det blir også foredrag om mannen bak det heile, Jostein Nerbøvik, om korleis Nynorsk kultursentrum har utvikla seg, og direktør Ottar Grepstad held sin avskilstale som han har kalla «Prinsippet makt». Det ventar også ei overrasking til alle som er med på feiringa.

– Dei som drog dette i gang i 1990, ville for alt i verda at dette skulle bli ein nasjonal kulturinstitusjon. Det målet nådde dei gjennom eit stortingsvedtak hausten 1995. Det er knapt til å fatte kor mykje dei arbeidde for å få dette til, seier direktør Ottar Grepstad. – Ingen tenkte den gongen at Nynorsk kultursentrum skulle bli det største litteraturmuseet i Noreg.

Av praktiske grunnar blir jubileet feira ein månad på etterskot. For nøyaktig 25 år sidan, måndag 30. august 1993, møttest representantar for 14 institusjonar på Møre Folkehøgskule i Ørsta og skipa stiftinga Nynorsk kultursentrum. I dag er 24 stiftarar og partnarar med.

Den gongen var føremålet å etablere Ivar Aasen-tunet som eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. No har Nynorsk kultursentrum tre museum og tre språk- og litteraturfestivalar i tre fylke på Aust- og Vestlandet, og det digitale oppslagsverket Allkunne.no.

Program for dagen finn du her.