Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest 2017

Velkomen til barnelitterær formidlingsfest! Seminaret er for førskulelærarar, lærarar på 1. og 2. trinn, bibliotektilsette og andre vaksne som arbeider med barn i denne aldersgruppa.

Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest 2017
AnnaRFolkestad_530.jpg

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Nynorsksenteret og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Turnéen vart arrangert for første gong i 2012, då under namnet Nynorsk barneveke. I 2014 fekk den namnet som vi kjenner i dag, Klart vi les! Nynorsk barnebokturné, og i år er det sjette gong turnéen vert arrangert. Kommunane vi skal besøke i veke 43 er Volda, Vanylven, Bremanger og Stryn, og seminaret som heiter Barnelitterær formidlingsfest, skal vere på Nordfjordeid 25. oktober. Besøka rundt i kommunane er for inviterte skular og barnehagar, men seminaret er ope for alle som arbeider med litteratur inn mot barn.  

Klart vi les! skal gje tilsette i skular og barnehagar auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling. Gjennom besøk rundt om i fylka, vil vi i følge med forfattar Anna R. Folkestad,og formidlarar frå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda og ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta, fokusere på medvit rundt språkbruk.

For at barn skal bli gode lesarar, må ein lese mykje for og med dei. For at barn skal bli gode skrivarar, må dei kjenne språket i den målforma dei brukar. Det kjem ut langt færre nynorskbøker enn bokmålsbøker, og difor er det særleg viktig at dei som jobbar med barn får kjennskap til dei.

Klart vi les! vil bidra med kunnskap om kva som finst av nynorsk barnelitteratur, kvifor det er viktig å gje barn tilgang til desse bøkene og korleis ein kan formidle litteratur på ein god måte. Turnéen vil slik vere eit bidrag til at barn og unge i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane lettare får tilgang til litteratur på sitt eige språk, både heime, i barnehagar, i skular og i biblioteka.

Den barnelitterære formidlingsfesten er eit seminar som byr på eit godt og kvalitetssikra program. Vi får møte Anna R. Folkestad, forfattaren bak mellom anna "Unni og Gunni" og "Henrik and". Formidlar Nina Elisabeth Bøe, som har forteljarstemma i fleire kjende tv-seriar som mellom anna "Prikk og Flekk", men som også har lang sceneerfaring og er kurshaldar i formidling. Ingvild Brügger Budal er førsteamanuensis i norsk og skal snakke om den viktige språkstimuleringa i barnehagen og kva utfordringar ein møter der. Det vil også bli presentasjon av nye og relevante bøker, samt kva nettressursar som finst tilgjengeleg.
Ivar Aasen-tunet vil selje nynorske barnebøker til gode prisar, og seminaravgifta inkluderer forfriskingar og lunsjbuffet.

Velkomen!

Påmeldingsskjema under programmet.

Program

Morgonhøgtlesing ved Anna R. Folkestad

Den nynorske barnelesaren, Nynorsksenteret

Tips til nynorskressursar på nett og brett, Ivar Aasen-tunet

Nynorsksenteret presenterer bøker

Lunsj

Forfattar og redaktør av boka "Nynorsk med dei minste", Ingvil Brügger Budal

Forfattar Anna R. Folkestad om det å skrive for born

"Eg vil nå deg!", med formidlar Nina Elisabeth Bøe

Avslutning med utdeling av bokpremiar

Meir informasjon kjem seinare.

 

Påmelding: 

Tid: 25. oktober 2017 kl. 09.00–15.30

Stad: Nordfjord Hotell, Nordfjordeid

Pris: 500 kr pr. deltakar inkludert lunsjbuffet og forfriskingar

Bindande påmelding i skjemaet under eller til siri.gjerde@aasentunet.no eller admin@aasentunet.no

 

Påmelding Klart vi les! 2017
  1. Fyll ut skjemaet under.