Klart vi les! Barnelitterær fagdag i Ålesund og Førde

Klart vi les! Barnelitterær fagdag i Ålesund og Førde

Eit dagsseminar for barnehagelærarar, lærarar på 1.–4. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar, formidlarar og andre interesserte.

Seminaret vert arrangert to stader, så du kan melde deg på der det passar deg best:

  • Torsdag 25. oktober på Ålesund bibliotek, Ålesund
  • Onsdag 31. oktober i Førdehuset, Førde                 
  • Pris: 600 kr pr. deltakar inkludert lunsj og forfriskingar
    Klart vi les! Barnelitterær fagdag i Ålesund og Førde

Program

09.00: Registrering og morgonkaffi

09.30: Velkomen og morgonhøgtlesing

ved Siri Beate Gjerde, bibliotekar i Ivar Aasen-tunet

09.45: Språk og identitet

Å vere barn i eit nynorskområde – i eit mangfaldsperspektiv

ved Liv Kristin B. Øvereng, høgskulelektor ved Nynorsksenteret og Anne Marta V. Vadstein, høgkulelærar ved Nynorsksenteret

10.10: APPsolutt nynorsk

Tips til nynorske ressursar på nett og på brett

ved Ida Karin Aarflot Kornberg, formidlar i Ivar Aasen-tunet

10.30: Pause

10.45: Presentasjon av dei nye nynorske barnebøkene

Open bokstasjon og sal av bøker heile seminardagen

ved Nynorsksenteret

11.30: Lunsj

12.15: Dei ferske lesarane og skrivarane. Aktuelle perspektiv for barnehage, skule og bibliotek ved Aasfrid Tysvær, høgskulelektor ved NLA Høgskolen Bergen

13.15: Pause

13.30: Frå bok til leik 

Bildeboka som igangsetjar for leik og andre språkaktivitetar

ved Liv Kristin B. Øvereng, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda

14.00: Forvandling frydar – ei fornying av skulebibliotek på lågbudsjettved Liv Astrid Skåre Langnes, høgskulelærar ved Nynorsksenteret og tidlegare skulebiblioteka

14.30: Gorillahjerne til middag

Presentasjon av filmatiserte nynorske barnebøker ved Anne Marta V. Vadstein

15.00: Avslutning med utdeling av bokpremiar

Velkomen til dagsseminar om nynorsk barnelitteratur, høgtlesing og språkarbeid!



Det kan kome endringar i programmet. 

Påmelding Klart vi les! Barnelitterær fagdag 2018
  1. Fyll ut skjemaet under, hugs å krysse av om du vil delta i Ålesund eller Førde!

Tilskipinga er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og Ivar Aasen-tunet

Klart vi les! Barnelitterær fagdag i Ålesund og Førde

Klart vi les! mottek støtte frå Norsk forfattersentrums medlemsfond.