Inviterer til nasjonalt språkforum
Ottar GrepstadFoto: Lars O. Flydal

Inviterer til nasjonalt språkforum

– Nynorsk kultursentrum gratulerer samane med Samefolksdagen 6. februar og 100-årsjubileet for det første samiske landsmøtet i 1917. I det fleirspråklege Noreg har ulike språkgrupper mykje å lære av kvarandre. Difor inviterer vi til å opprette eit uavhengig nasjonalt språkforum som dekkjer dei to norske språka, dei tre samiske, nasjonale minoritetsspråk og andre språkgrupper, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Status og situasjon er ulik for språka, men ingen tek skade av å snakke saman, seier Grepstad. Han slår fast at berre Språkrådet kan gjere den jobben Språkrådet gjer, men viser til at den samiske språkpolitikken blir forvalta av Sametinget, og at ulike departement arbeider overfor kvar sine språkgrupper. – Både Stortinget og regjeringa har lite å melde om den heilskaplege språkpolitikken som heile Stortinget slutta seg til i 2009. Det må vi gjere noko med, seier Grepstad.

Eit slikt forum krev ei ryddig rolleforståing hos alle deltakarane, meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum. Det må vere eit forum som utvekslar erfaringar, får fram det språklege mangfaldet og fremjar samarbeid, ikkje eit forum for vilkårlege utspel. Både Språkrådet og Samisk språkråd må inviterast med som observatørar.

Språkåret 2013 i regi av Nynorsk kultursentrum var ei feiring av 200-årsjubilanten Ivar Aasen og det språklege mangfaldet i Noreg. Sekretariatet i Språkåret inviterte fleire gonger ulike språkgrupper til felles møte. – Dei møta viste kor viktig det er at folk lærer av kvarandre for å nå fram og oppnå resultat, meiner Grepstad. – Nynorsk Forum er eit slikt organ som no har halde det gåande i 20 år. Det samarbeidet har gitt resultat.

Rundt om i Noreg er det mange kultursenter og museum som også arbeider med språkspørsmål i vid forstand. Grepstad legg vekt på at forumet kjem tett på den språklege kvardagen. – Eit nasjonalt språkforum må ha kort veg til styresmaktene, men bør møtast minst ein gong i året på ulike stader i landet. Nynorsk kultursentrum førebur gjerne eit første møte same kvar det blir halde, seier Grepstad.

Samefolksdagen markerer Nynorsk kultursentrum på ein spesiell måte. I 1974 gjendikta Jon Eldar Einejord «Sámi soga lávlla», Samefolksongen, av Isak Saba til nynorsk. Måndag publiserte Nynorsk kultursentrum songen på nettstadene sine med løyve frå enkja etter Einejord.

– Han var ein språksikker gjendiktar, og vi har i dag mint Sametinget om at denne viktige songen også finst på nynorsk, fortel Ottar Grepstad.