Internasjonalt nettverk for språkmuseum

Internasjonalt nettverk for språkmuseum

– Gjennom eit systematisk internasjonalt samarbeid skal vi gjere språkmusea viktigare i mange land, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Søndag blei han vald til leiar på skipingsmøtet for International network of language museums i Milano.

Med i styret er også leiarane for Mundolingua i Paris og Canadian Language Museum i Toronto. Til no har 11 museum frå ni land i Amerika, Europa og Asia slutta seg til nettverket. Søndag var museum frå seks land representerte, frå Israel i aust til Canada i vest.

Idear til samarbeid alt drøfta

Frå før finst det eit titals internasjonale museumsnettverk, for alt frå litteratur til glas og musikkinstrument. – Språk er det grunnleggjande ved det å vere menneske. Då er det på høg tid at språkmusea etablerer eit formelt samarbeid, seier Ottar Grepstad. – Dette første møtet viste at vi har mykje å snakke om, og dei første ideane er alt i emning.

Med på skipingsmøtet i Milano var også dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet, som er det eldste språkmuseet i verda. – Den nye temautstillinga vår om menneske og språk på vandring vekte interesse i fleire land, og no får vi utteljing for at vi ikkje har teke faglege snarvegar, seier Øvereng.

Mange språkmuseum er åleine i sine heimland

Det var Nynorsk kultursentrum som tok initiativ til å etablere nettverket, og responsen frå museum var spontan og positiv, seier Grepstad. Han har arbeidd i lengre tid med å finne fram til språkmuseum over heile verda. Så langt er 59 museum i 31 land identifiserte. – I 18 land er det berre eitt språkmuseum, og Noreg er eit av dei landa. Dei som arbeider i desse musea, må krysse mange landegrenser for å finne museum som arbeider med det same.

Det internasjonale nettverket for språkmuseum vil i første omgang utvikle samarbeid og kontakt via digitale medium. – No når nettverket er ein realitet, reknar eg med at fleire språkmuseum melder seg på, seier Grepstad.

  

International network of language museums

Academy of the Hebrew Language, Jerusalem, Israel
Canadian Language Museum, Toronto, Canada
Dr Johnson’s House, London, England
Esperanto Museum, Wien, Austerrike
Initiative für ein Museum der Sprachen der Welt, Berlin, Tyskland
Institute of the Lithuanian Language, Vilnius, Litauen
Mundolingua, Paris, Frankrike
Museum of Vuk and Dositej, Beograd, Serbia
National Museum of Language, Greenbelt, USA
Nynorsk kultursentrum, Ørsta, Noreg
The English Project, Winchester, England