Inspirasjonskveld om nynorsk barnelitteratur
Inspirasjonskveld for barnehagetilsetteFoto: Nynorsksenteret

Inspirasjonskveld om nynorsk barnelitteratur

Hundre tilsette frå seks barnehagar i Ørsta – Kvitveisen, Rystene, Krokedagen, Vartdal, Hovdebygda og Barnas Vel – var samla i Ivar Aasen-tunet onsdag kveld til eit seminar om lesing i barnehagen og dei nynorske barnebøkene.

Seminaret var eit samarbeid mellom Ørsta mållag, Ivar Aasen-tunet, Nynorsksenteret og barnehagane i nettverksgruppe 2.

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng frå Nynorsksenteret og barnehagelærarutdanninga ved HVO presenterte kvifor det er viktig å lese for borna og kvifor det er viktig å lese på nynorsk. Ho viste og fortalde om eit breitt utval av nyare nynorske barnebøker.

Inspirasjonskveld om nynorsk barnelitteratur
 

Kvart år inviterer Ivar Aasen-tunet barnehagane i distriktet til å vere med på barnekunstutstilling der ei utvald nynorsk barnebok er inspirasjon for kunstverka. I år er boka Himmelspringaren av Sissel Horndal utgangspunkt for kunstutstillinga, og formidlar ved Ivar Aasen-tunet, Liv Astrid Skåre Langnes, las og fortalde frå boka. Dei frammøtte fekk også inspirerande påfyll om korleis ein praktisk kan ta i bruk bøkene i barnehagen. Anne Marta V. Vadstein frå Nynorsksenteret hadde med seg både dei raude skorne til Veslemonster og handlekorga til Bø og Bæ som ho brukte i formidlinga.

I kafeen var det laga til ei stor barnebokutstilling der deltakarane kunne sjå i bøker og kjøpe bøker til barnehagane.

Initiativtakar Ida Brudevoll runda av seminaret saman med dei andre barnehagestyrarane. Ho understreka det ansvaret dei vaksne har som språklege førebilete for borna og at dei vaksne må ha eit medvete forhold både til dialekta og til å styrkje det nynorske skriftspråket. «Vi har høyrt berre lovord frå deltakarane i dag, og vi er utruleg glade for at vi har fått i stand dette samarbeidet» sa Brudevoll.

Seminaret var ein del av Klart vi les! der målsetjinga er å formidle den nynorske barnelitteraturen for vaksne som arbeider med barn og bøker. Neste veke er det klart for Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest, og då er det lærarar på barneskulen som er inviterte til eit liknande seminar i Ivar Aasen-tunet. Her er det framleis ledige plassar. 

Inspirasjonskveld om nynorsk barnelitteratur