Innhaldsrikt sommarprogram

Innhaldsrikt sommarprogram

I sommar byd Ivar Aasen-tunet på eit mangfald av aktivitetar og program, både for sommarlate solskinsdagar og skoddetunge dagar.

Tunet fyllest med aktivitetar, musikk og høgtlesing for både store og små i eit variert sommarprogram.

Frå og med måndag 3. juli til og med fredag 11. august ligg arrangementa tette som løvetann, og ein tek heile tunet i bruk. – Vi inviterer til faste vekeprogram, med barnebokstund i utstillinga og songstund og på hemsen til Lurivar. For dei vaksne har vi bokkafé med høgtlesing av aktuell litteratur for vaksne, seier dagleg leiar Gaute Øvereng

Sommarprogrammet opnar med vandreteater med Lurivar og songstund i gamlemuseet måndag 3. juli. To av vekene er tunkatten Lurivar klar til å ta med borna på ei reise til Ordpolen. Ein stad antakeleg berre Lurivar veit om. Skodespelaren Maria Halseth tek turen til Ørsta to veker i sommar for å spele Lurivar.

Heile programmet finn du i kalenderen vår. Noko er gratis, det andre får du på utstillingsbilletten, og det blir eigne rabattordningar for dei som vil ha med seg mykje. God sommar!