Innhaldsrikt år for Årets museum 2015
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum takkar for prisen Årets museum 2015.Foto: Museumsforbundet

Innhaldsrikt år for Årets museum 2015

Prisen Årets museum 2015 kom som ei stor og gledeleg overrasking for Nynorsk kultursentrum. – Svært gledeleg er det også at arbeidet med å sikre framtida til språksamlingane nådde fram og at første driftsåret til Olav H. Hauge-senteret innfridde måla, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum hadde samla inntekter på 26,1 millionar kroner, gjestetalet passerte budsjettet med 6 prosent og enda på 24 100, og institusjonen har no 18 faste medarbeidarar i Ørsta og Ulvik.

Årets museum og framtida til språksamlingane

Nynorsk kultursentrum vart hausten 2015 tildelt prisen Årets museum 2015 av Norges museumsforbund. I grunngivinga si kalla juryen Nynorsk kultursentrum ein pioner i museums-Noreg med «en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi» og trekte mellom anna fram initiativet til og arbeidet med å danne eit globalt nettverk av språkmuseum. Nettverket skal ha si første samling i Milano sommaren 2016.

Eitt anna viktig prosjekt i 2015 har vore arbeidet med å sikre framtida til språksamlingane frå Universitetet i Oslo. Kunnskapsdepartementet avgjorde før jul at Universitetet i Bergen, i samarbeid med Høgskulen i Volda, skal ta over samlingane. – Ein samordna aksjon nådde fram, der vi kombinerte faglege argument, ein brei allianse av språkvitskaplege miljø, mange brev og avisoppslag, og samtalar med statsrådar, partileiarar og komiteleiarar, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Hauge-senteret nådde måla

Innhaldsrikt år for Årets museum 2015
Poesiverkstaden på Hauge-senteret (foto: Ingvil Skeie Ljones)

Olav H. Hauge-senteret opna hausten 2014 og hadde sitt første heile driftsår i 2015. – Det er svært gledeleg å sjå at avdelinga har nådd måla sine i 2015. Den ambisiøse målsettinga med 5 000 gjester blei innfridd gjennom eit innhaldsrikt og variert kulturprogram, godt besøk i utstillingane og eit vellykka fagseminar om poetisk tenking og diktarrolla, seier dagleg leiar Geir Netland på Hauge-senteret. 

Høg aktivitet i alle avdelingane

Innhaldsrikt år for Årets museum 2015
Fem av sju nye utebibliotek (foto: Aasen-tunet)

Ivar Aasen-tunet, som er den største avdelinga i Nynorsk kultursentrum, auka aktiviteten utanfor tunet i 2015. Etableringa av nye utebibliotek i sju kommunar på Søre Sunnmøre og Nordfjord blei svært godt tatt imot av både små og store lesarar og opnar fleire dører for nynorsk barnelitteratur i regionen. 

– Temaustillinga «Språk til sals» sette søkelys på eit tema det har vore lite forska på til no, og bidrog til meir kunnskap om nynorsk som reklamespråk, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Også turneane i den kulturelle skulesekken aukar geografisk, og i 2015 signerte Telemark fylkeskommune kontrakt om skulebesøk i 2016. Hauge-senteret hadde også premiere på sin første skulesekkproduksjon i 2015.

Arbeidet med å etablere Vinje-senteret held fram, og løyvinga frå Vinje kommune i desember på 800 000, sikrar planlagd framdrift og første tilsetjing i 2016.

Store digitalt

Nynorsk kultursentrum driv eit omfattande arbeid med å samle og formidle språkarven digitalt, blant anna i form av oppslagsverket Allkunne, som er den største av i alt sju nettstader. Allkunne overtok Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med 7000 artiklar og 14 000 bilete, og nettstaden kom i ny og meir brukarvenleg utforming på hausten.

På aasentunet.no vart Språkfakta 2015 publisert hausten 2015. Den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk syner gjennom 867 tabellar med kommentarar og analysar, bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med særleg vekt på nynorsk og bokmål.

  

Nynorsk kultursentrum 2015

• Arrangement og utstillingar i 31 kommunar i sju fylke: Bindal, Bremanger, Eid, Førde, Giske, Gjemnes, Gloppen, Hareid, Hornindal, Jølster, Lindås, Nesset, Oslo, Osterøy, Sandnes, Sandnessjøen, Selje, Sola, Stavanger, Stryn, Sunndal, Sykkylven, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Vinje, Volda, Voss, Vågsøy, Ørsta og Ålesund
• 24 100 gjester på arrangement og utstillingar, 210 000 unike nettstadbrukarar og 8600 følgjarar i sosiale medium
• Sidan 2000 har over 3,9 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 152 norske kommunar og fire byar i andre land
• 24 stiftarar, mellom dei fem fylkeskommunar, heile målrørsla og mange universitet og høgskular
• 18 fast tilsette og om lag 40 deltidstilsette
• Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, det allmenne nettleksikonet Allkunne og seks andre nettstader
• Medeigar i Norsk Barneblad
• Forvaltar Vinje-fondet for nynorsk i pressa, på oppdrag frå Kulturdepartementet
• Leier arbeidet i Nynorsk Forum og International network of language museums