Haustprogrammet i Aasen-tunet
Karl Seglem, Synnøve Macody Lund og Is-slottet i Aasen-tunet i haust.Foto: Pressefoto, Carl Christian Raabe, Per Morten Abrahamsen

Haustprogrammet i Aasen-tunet

Boknatt med jazz frå Karl Seglems akustiske kvartett blir høgdepunktet i Ivar Aasen-tunet i haust. I år spenner programmet seg frå broderikafé via forsking og skrivereglar til familiedagar med eventyr og verkstader. Noko for ein kvar smak, med andre ord.

I år blir det både litteratur og musikk på den tradisjonelle boknatta 19. november. Forfattaren Tormod Haugland kjem med sin siste roman, Mørk materie. Den handlar om kjærleik, om å velje sitt eige liv, om å gjere seg fri, og om å vere både far og son. Du møter også to av haustens debutantar, Synnøve Macody Lund med romanen Personar du kanskje kjenner og Solveig Mette Tjeltveit med den originale diktsamlinga Noo gode gnu.

Dei litterære opplevingane blir supplert med velklingande jazz frå Karl Seglems akustiske kvartett.

Broderikafé og forfattarjubileum

I boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise set Magny Karlberg historia om folkedrakter i Noreg inn i eit europeisk perspektiv. Onsdag 4. november seier ho meir om samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon i Aasen-tunet. Og etterpå blir det broderikafé.

I år er det 100 år sidan forfattar Alfred Hauge blei fødd. Jan Inge Sørbø fortel om ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. Forfattarskapen til Hauge krinsar om religiøse og eksistensielle spørsmål, og mest lesen er truleg utvandringstrilogien om Cleng Peerson (1961–1965). Volda Vokal framfører songar med tekstar av Hauge.

Forsking og rettskriving

Torsdag 15. oktober er det komplette verket Språkfakta 2015 publisert på aasentunet.no. Her er alt som trengst om skule, kyrkje, offentleg forvaltning og massemedium, og i tillegg snadder og snop som vil fornye mang ein quizkveld, ifølgje forfattar Ottar Grepstad. Denne kvelden samtalar han med inviterte gjester om språk i verda og Noreg.

Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda har fleire arrangement i Aasen-tunet i år. Mat og religion er tema på foredraget til Bente Afset og stipendiat Helga Synnevåg Løvoll snakkar om «Den gode turen», med påfølgjande tur i Hovdeåsen. Operaen Is-slottet blir vist som film, og komponist Magnar Åm samtalar i etterkant med publikum.

I haust har det også kome nye bøker om rettskriving, ei for bokmål og ei for nynorsk. Jan Olav Fretland, som har skrive boka saman med Aud Søyland, kjem til Aasen-tunet 30. september.

Familie

Maria Parr har omsett og modernisert språket i ei rekkje klassiske eventyr slik at dei passar for unge lesarar i dag. 18. oktober blir det familiedag i Aasen-tunet der skodespelaren Rune Sæter tek med ungane på ei leiken eventyrstund med Barnas store eventyrbok i sentrum.

Andre søndag i advent er det familiedag med juleverkstad, barnekunstutstilling og Kari Stais siste forteljing om Jakob og Neikob.

Kjøp billettar her