Haustprogram med jubileumsfest
Øystein Vidnes, Simone Stibbe, Brit Bildøen, Jan Inge Sørbø, Rune Klakegg og Cecilie SchillingFoto: Privat, Tove K. Breistein, Linda Cartridge, Agnete Brun, privat, Alessandra Langum.

Haustprogram med jubileumsfest

Statsråd Trine Skei Grande kjem til 25-årsfeiringa av Nynorsk kultursentrum 28. september. I løpet av hausten kjem også Ragnar Hovland og Brit Bildøen til Ivar Aasen-tunet, og det blir det fleire konsertar, familiedagar, forfattarmøte, med Boknatta 1. november som eit litterært høgdepunkt.

– Denne hausten er det stor breidde og variasjon i programmet vårt, og vi ønskjer publikum velkommen til gode samtalar, store musikalske opplevingar og morosame familiedagar. Dagen blir spekka med faglege og kunstnarlege innslag frå øvste hylle under 25-årsjubileet. Vi gler oss! seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.

Jubileum

Fredag 28. september er statsråd Trine Skei Grande æresgjest når Nynorsk kultursentrum feirar sine første 25 år med eit arrangement i Aasen-tunet, som er ope og gratis for alle. Direktør Ottar Grepstad held jubileums- og avskilstale, Roger Erlandsen fortel om forfattaren og strategen Jostein Nerbøvik, ei eldsjel bak stiftinga av institusjonen og Grete Riise fortel historia om Nynorsk kultursentrum. – Fleire ambisiøse nøkkelpersonar har vore med på å gjere Nynorsk kultursentrum viktig for både språket og språkbrukarane. Dei får sin velfortente takk når vi feirar 25-årsjubileet i Aasen-tunet i haust, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.

Boknatta

Til Boknatta 1. november blir det eit djupdykk i Skald sine klassikarar, ein serie vellagra, handplukka verk i ny språkdrakt. Øystein Vidnes, Brit Bildøen og Simone Stibbe samtaler med Svenn-Arve Myklebost og Jan Inge Sørbø om Frankenstein, sjølvbiografien til Alice B. Toklas, og kvifor Skald har satsa så tungt på desse klassikarane. Rune Klakegg og Cecilie Schilling står for musikken denne kvelden, med tekstar av Brit Bildøen inspirert av Gertrude Stein og hennar karakter Alice B. Toklas.

Nære møte

I oktober får publikum eit nærmøte med forfattar Ragnar Hovland, der den nye romanen Mørk sommar vil stå sentralt i samtalen med tidlegare kulturredaktør i BT, Jan H. Landro.

Seinare same månaden kjem Sumaya Jirde Ali til Aasen-tunet. Ho skriv at ho ikkje greier å sjå for seg ein annan heim enn Noreg. Men kva vil det seie å høyre til når du blir kalla eit problem? Ali samtaler med forfattar Lars Petter Sveen, som er aktuell med verket Fem skuggar i haust.

Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, inspirert av Draumkvedet. Fredag 7. september framfører dei det musikalske verket i tunet.

Duoen Kjemilie, for høvet med band, tek publikum inn i førjulstida med varm og kjenslevar visejazz med tilsvarande tekstar 24. november. 

Litteratur og botanikk

Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Desse arrangementa på dagtid er gratis, med sal av fersk bakst og kaffi.

Torbjørn Urke kjem til Aasen-tunet og fortel om korleis Ivar Aasen samla og organiserte hundrevis av planter etter systemet til Carl von Linné, og at han la til både norske og sunnmørske namn.

Familiedagar med ulike tema

Fleire familiedagar har blitt ein populær tradisjon i Aasen-tunet. I haust skal det handle om ville ekspedisjonar, mørkeret og den nyaste boka om Jakob og Neikob.

 

Informasjon om alle arrangementa og billettsal på nettstaden til Aasen-tunet.

Her kan du lese meir om kvart einskilde arrangement og tinge billettar.