Høgres generalsekretær er Årets nynorskbrukar
Høgres generalsekretær John-Ragnar AarsetFoto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Høgres generalsekretær er Årets nynorskbrukar

John-Ragnar Aarset er kåra til Årets nynorskbrukar 2018. Han får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», seier styret i Nynorsk kultursentrum etter å ha vurdert 47 kandidatar.

– Dette er overveldande! Berre det å vere tenkt på i denne samanhengen er stor stas, seier John-Ragnar Aarset.

– Eg tok mine aktive val for nynorsk først som gymnasiast heime i Hallingdal, og vidare då eg blei leiar i Unge Høgre for 20 år sidan. For meg har det gamle slagordet om Dialekt + nynorsk = sant sidan vore heilt sant heile tida. Eg prøver etter fattig evne å motivere andre til den same erkjenninga og opplevinga, og denne prisen motiverer meg sterkt til å halde fram med det. 

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 7. juni. Aarset kjem til å gi prissummen til ei verdig føremål.

Bryt med språklege konvensjonar

John-Ragnar Aarset (fødd 1973) frå Geilo har vore generalsekretær i Høgre sidan desember 2015. Han brukte bokmål i grunnskule og ungdomsskule på Geilo, men gjekk over til nynorsk på Hallingdal gymnas på Gol. I tidsrommet 2001–2008 hadde han ulike roller i stortingsgruppa til Høgre og fleire departement før han i fire år arbeidde i kommunikasjonsbyrået Gambit Hill+Knowlton.

I tillegg til verv som kommune- og fylkestingspolitikar var Aarset leiar i Unge Høgre 1998–2000 og landsstyremedlem i Norsk Målungdom 1992–1997. Han var styremedlem og varamedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 2004–2012 og leiar same staden 2012–2013.

Det er 19. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. 

Vurderte 47 kandidatar

Då styret i Nynorsk kultursentrum skulle ta avgjerda, hadde dei 47 kandidatar å velje mellom, mot 38 i fjor. Aarset nyttar konsekvent nynorsk i brev, rundskriv og pressemeldingar ut til lokallaga i partiorganisasjonen og til alle slag norske medium. Det er første gongen nynorsk blir nytta i administrasjonen i det partiet som historisk har hatt størst avstand til nynorsk i språkpolitikken.

– Som mangeårig rådgivar for Erna Solberg slo han ikkje ein dag av lampa utan nynorsk. Med sitt føredøme har han vore med på å bryte ned uvilje og fordomar mot nynorsk generelt og nynorsk som andrespråk. Aarset er ei viktig røyst i vår samtid og hevdar nynorsken godt som programsak og i levande praksis, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. 

Årets nynorskbrukar 2000–2018

2000     HøgsterettsdomarKarl Arne Utgård
2001     Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002     Ringstabekk skole
2003     Redaktør Martin Toft
2004     Musikkgruppa Side Brok
2005     Forfattar Kjartan Fløgstad
2006     Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007     Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008     ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009     Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010     Forfattar Maria Parr
2011     Bloggar Linda Sæbø
2012     Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013     Professor i filosofi Gunnar Skirbekk
2014     Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
2015     Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg
2016     Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand
2017     Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta
2018     Generalsekretær John-Ragnar Aarset, Høgre


Meir informasjon
Generalsekretær John-Ragnar Aarset, tlf. 930 37 693
Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 70 eller 906 16 727
Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 958 70 569