Gir ut Språkfakta 2015 med 800 tabellar
Foto: Sunniva Lund Osdal

Gir ut Språkfakta 2015 med 800 tabellar

– «Språkfakta 2015» inneheld mykje som ingen før har sett eller som få har visst. Det er så vidt eg greier å få med meg alt sjølv, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

På den europeiske språkdagen 26. september gir han ut «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 800 tabellar». Alt blir fritt tilgjengeleg på Aasentunet.no.

Verket er delt i 20 kapittel, og kvar dag fram til 15. oktober kjem eit nytt kapittel. – Vi publiserer eit kapittel kvar dag fordi denne forteljinga rommar så mykje. «Språkfakta 2015» dekkjer både nynorsk, bokmål og mange andre språk i Noreg, men mest handlar det om dei to norske språka, seier Grepstad.

Engelsk utgåve seinare i haust

– Det meste bør seiast med ord, men somt kan berre seiast med tal, seier Ottar Grepstad. Alle tabellane er kommenterte, og publikasjonen inneheld i tillegg 40 korte artiklar om utvalde emne og eit lengre essay om det å dokumentere språk.

Ei engelsk utgåve med delar av stoffet blir utgitt seinare i haust. Med støtte frå Kulturdepartementet blir noko av dette gjort tilgjengeleg interaktivt for publikum neste år.

– «Språkfakta 2015» er resultatet av eit 20 år langt arbeid, seier Grepstad. Etter Ivar Aasen-året 1996 gjekk han i gang med å samle statistisk dokumentasjon om nynorsk og samla denne i 133 tabellar i «Nynorsk faktabok 1998».

– Seinare balla det berre på seg. Ein statistikar har ikkje godt av å sjå at tal manglar eller oppdage at ein tabell bør lagast, seier Grepstad. Mykje av innhaldet er eigenutvikla ved å samle spreidd informasjon eller kombinere data som alt ligg føre, og mykje er redigert frå forskingspublikasjonar.

«Språkfakta 2015» er den femte utgivinga av språkstatistikk frå Nynorsk kultursentrum. Publikasjonen inneheld alt tidlegare materiale som framleis er relevant, men nesten halvparten av tabellane er nye. Dokumentet er bygd opp slik at det blir lett å leggje til nytt stoff og oppdatere det som alt ligg føre.

 

Tidlegare utgåver

Nynorsk faktabok 1998: 133 tabellar

Nynorsk faktabok 2005: 351 tabellar

Språkfakta 2010: 247 tabellar

Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012: 57 tabellar