Gir Lurivar-framsyning i gåve
Oppdrag alfabet! med Karoline Isaksen og LurivarFoto: Ivar Aasen-tunet

Gir Lurivar-framsyning i gåve

Ørsta Mållag, Ørsta kommune og Nynorsk kultursentrum gjentek suksessen frå i fjor og gir framsyninga «Oppdrag alfabet!» i gåve til fem- og seksåringane i Ørsta kommune.

«Oppdrag alfabet!» er eit program for dei største borna i barnehagen. Borna møter agent ordspion Lurivar av Aasen-tunet saman med skodespelar og bokstavboksleikunderassistent Karoline Isaksen.

Lurivar samlar på ord i små og store boksar. Men ein dag finn han ikkje att i-boksen! Kan det vere ein bokstavtjuv som er på ferde? «Oppdrag alfabet!» er ei framsyning med mykje dialog mellom skodespelaren, handdokka Lurivar og barnehageborna. Her blir det underfundige teoriar og lure sprell for å løyse mysteriet.

Ørsta Mållag tok initiativet til samarbeidet i Språkåret 2013, då Ørsta kommune blei kåra til Årets nynorskkommune. – Eg er svært glad for at vi får til spleiselaget igjen så vi kan få gi denne flotte gåva til dei eldste barnehageborna i Ørsta kommune, seier leiar Ingebjørg Øyehaug i Ørsta Mållag.

Manus og konsept er utvikla av Språkfolk, på oppdrag for Nynorsk kultursentrum. Produksjonen er ein del av Den kulturelle skulesekken.