Fem nye forfattarar i Aasen-tunet
Brit Bildøen i forfattarrommetFoto: Aasen-tunet, Anders Aanes

Fem nye forfattarar i Aasen-tunet

Brit Bildøen fekk P2-lyttarane sin romanpris for den siste romanen sin. No er ho presentert i Forfattarrommet i Ivar Aasen-tunet, saman med fire andre forfattarskapar.

Også Lars Petter Sveen, Ruth Lillegraven, Arvid Hanssen og Jan Roar Leikvoll kan du få vite meir om dersom du svingar innom utstillinga i Aasen-tunet. Forfattarane blir presenterte gjennom tekst, bilete, gjenstandar, bøker og avisutklipp.

– Jan Roar Leikvoll gjekk bort i fjor, men familien hans har vore sjenerøse og lånt oss gjenstandar til utstillinga, seier dokumentasjonsleiarAnders Aanes i Ivar Aasen-tunet.

Leikvoll fekk stor merksemd for dei fire bøkene han gav ut frå 2008 til 2013. Han var på mange måtar ein yndling hos kritikarane, fordi han representerte noko genuint nytt i det norske litterære landskapet. Det same kan ein seie om Lars Petter Sveen, som fekk strålande omtalar av romanen Guds barn i fjor. Sveen mottok nyleg Nynorsk litteraturpris for boka.

Brageprisvinnar Ruth Lillegraven er også på plass i utstillinga, og har lånt bort eit gammalt bilete til Aasen-tunet. Men av kva? Arvid Hanssen var ein forfattar og journalist frå Senja, som gjennom romanar, dikt og manuskript for film og scene har løfta fram mellom anna natur og levekår i Nord-Noreg. Hanssen vart råka av polio då han var seksten år gammal, og var ein talsmann for dei veike og sjuke i samfunnet.

Totalt 45 forfattarar har til no vore utstilte i Forfattarrommet. Til ei kvar tid er det totalt ni forfattarar som blir presenterte, så publikum vil også kunne lære meir om Linda Eide, Agnes Ravatn, Oddgeir Bruaset og Lars Mæhle.

Fem nye forfattarar i Aasen-tunet
Lars Petter Sveen, Jan Roar Leikvoll, Arvid Hanssen og Ruth Lillegraven