Familiedag med juleverkstad i Aasen-tunet
Formidlar Liv Astrid Skåre Langnes og Anders Aanes ønskjer vel møtt til familiedag søndag 4. desember.Foto: Marita Bett Aakre

Familiedag med juleverkstad i Aasen-tunet

Søndag 4. desember er det familiedag med juleverkstad og adventsstund i Ivar Aasen-tunet. Boka "Himmelspringaren" av Sissel Horndal vil vere ei ramme for førjulsstunda i Salen og gir inspirasjon til fleire av verkstadene.

– På juleverkstaden blir det mange kjekke oppgåver for borna, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet, som lovar lun førjulsstemning for heile familien. Julekort og ein fin lilla garnsau er nokre av tinga du kan lage på verkstadene.

Lesestund og musikk

Salen vil i år vere smykka med flott barnekunst, inspirert av boka Himmelspringaren. Under førjulsstunda i Salen vil vi tenne lys og syngje julesongar saman med Guro Kristin og Stian Grønbech. Vi les og viser bilete frå boka, før borna kan ta med seg inspirasjonen vidare til juleverkstaden inne i utstillinga. Det vil bli fleire lesestunder i Salen, dersom ein ikkje fekk med seg den første.

Barnekunst

Over 350 born frå barnehagar i Ørsta, Volda, Herøy, Hornindal, Ulstein og Stryn har laga kunst som er inspirert av forteljinga og illustrasjonane til Sissel Horndal. Borna har lagt ned mykje arbeid i kunstverka som er utstilte i Aasen-tunet.

Julebutikken har mange gode tilbod og eit breitt utval varer. Her kan du handle flotte julegåver mellom arbeidsøktene. Kafeen har graut med mandel til svoltne kunstnarar. Her vankar det bokpremiar for den heldige. Arrangementet er i samarbeid med forlaget Mangschou.