Etterretningssjef Lunde er Årets nynorskbrukar

Etterretningssjef Lunde er Årets nynorskbrukar

Sjef for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, er kåra til Årets nynorskbrukar 2017. Han får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet.», seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

– Eg må få takke for ei overraskande og særs ærerik pristildeling, seier Morten Haga Lunde. – I eit langt yrkesliv i Forsvaret har eg vore utsett for ulike språkpåverknader i ulike område av landet. Det har alltid vore viktig for meg å halde på identiteten min ved å nytte mitt eige talespråk. Etter kvart som eg har fått leiande stillingar i Forsvaret, har eg også lagt vinn på å nytte nynorsk i offentleg kommunikasjon.

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 29. juni. Lunde kjem til å gi prissummen til ei verdig føremål.

Bryt med språklege konvensjonar

Morten Haga Lunde (fødd 1960) frå Os i Hordaland er generalløytnant i Forsvaret og sjef for Etterretningstenesta frå 1. januar 2016. Med utdanning frå Luftkrigsskulen blei han utnemnd til oberst i 2002, seinare brigader og generalmajor, var nestkommanderende ved Forsvarets operative hovudkvarter frå 2010 og utnemnd til generalløytnant og sjef for Forsvarets operative hovudkvarter i 2013.

Det er 17. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Vurderte 38 kandidatar

Då styret i Nynorsk kultursentrum skulle ta avgjerda, hadde dei 38 kandidatar å velje mellom. Eit av dei eksterne framlegga var nettopp å gi prisen til Lunde. Då hadde han nettopp lagt fram «Fokus 2017. Etterretningstenesta si vurdering av aktuelle tryggingsutfordringar».

– Litt diskret etterretning stadfesta at dette var eit svært godt framlegg som styret raskt samla seg om, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Nettsida Forsvaret.no/fokus er på nynorsk, og det er alt anna enn sjølvsagt, seier Grepstad. – I statistikkane for bruk av nynorsk i offentleg kommunikasjon har Forsvarsdepartementet dei fleste åra vore ein av verstingane. Det skal mykje til for å gi ein pris til nokon for at dei følgjer norsk lov, men språkleg jamstilling i offentleg forvaltning er eit leiaransvar. Lunde er eit lysande døme på kva som skjer når leiarar tek det ansvaret og gir bruk av nynorsk ein autoritet som ikkje kan drøftast eller bortforklarast, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum

Årets nynorskbrukar 2000–2017

2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002 Ringstabekk skole

2003 Redaktør Martin Toft

2004 Musikkgruppa Side Brok

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad

2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010 Forfattar Maria Parr

2011 Bloggar Linda Sæbø

2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk

2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg

2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand

2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta