Er du vår neste formidlar?

Er du vår neste formidlar?

Vil du arbeide i det største litterære museet i Noreg? Stillinga som formidlar i Ivar Aasen-tunet er ledig frå 1. september 2017.

Vi ønsker ein idérik formidlar med sans for både formidling, pedagogikk og strategi. Du følgjer opp og gjennomfører elevprogram for ulike alderssteg, fornyar tilboda våre i Den kulturelle skulesekken, og er med og lagar program for småbarnsfamiliar. Du bidreg i arbeidet med nye temautstillingar, gir gjestar og grupper omvisingar i utstillingane våre og arbeider med fornying og vidareutvikling av dette tilbodet. Saman med resten av staben bidreg du i planlegging og gjennomføring av kulturprogrammet og Dei nynorske festspela.

Du treng relevant høgare utdanning og pedagogisk erfaring, helst frå skuleverket. Røynsle frå museum eller andre formidlingsinstitusjonar kjem godt med. Som formidlar får du bruk for alt du kan om både eldre og nyare nynorsk litteratur. Du bør like å skrive og snakke, ha sans for orden og system, vere stø i nynorsk og ha god kjennskap til engelsk.

Dagleg leiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø. Vi tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ryddig organisasjon, romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Løn i samsvar med lokalt lønssystem. Alle nye medarbeidarar går gjennom eit grundig introduksjonsprogram. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

Fleire opplysningar får du hos dagleg leiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 78 / 473 34 144.

Grip sjansen: Send søknad med cv og relevante vedlegg seinast fredag 9. juni til admin@aasentunet.no.

 

Ivar Aasen-tunet er Nordens einaste språkmuseum, det eldste personmuseet i Noreg, ein arena for formidling og kulturopplevingar og arrangør av Dei nynorske festspela. Vi er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum, som også driv Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Vinje-senteret (under etablering), det digitale oppslagsverket Allkunne og forvaltar Vinjefondet. Nynorsk kultursentrum har 19 fast tilsette og har budsjettert med inntekter på 30 mill. kr i 2017. År for år utviklar vi rolla som samfunnsaktør med nye prosjekt og publikumstilbod.