Eit vårprogram om kvardagen
Olaug NilssenFoto: Bent R. Synnevåg

Eit vårprogram om kvardagen

Både barn og vaksne får høve til å reflektere kring små og store tema på arrangementa i Aasen-tunet denne våren. Årets vårprogram set perspektiv på kvardagen, frå det lette og humoristiske til det djupt alvorlege.

Temaet er alvorleg, men aktuelt, når brageprisvinnar Olaug Nilssen fortel om boka si Tung tids tale onsdag 7. mars. Nilssen skriv om å vere foreldre til eit autistisk barn.
– Fleire enn vi tenker over har familiemedlemmar med store kvardagslege utfordringar, og vi håper samtalen vil gi publikum både sterke inntrykk og gode perspektiv, seier programansvarleg i Aasen-tunet, Olav Øyehaug Opsvik. 

Eit vårprogram om kvardagen
Foto: Marius Knutsen

I kvardagen treng vi nokre gongar inspirasjon til kreative matrettar. Søndag 11. mars fortel forfattar og kokk Anders Totland om boka Digg. Han blir utfordra av Fremtiden i våre hender – Søre Sunnmøre til å lage deilige kvardagsrettar av restemat. 


Impulsar utanfrå

– Fleire av arrangementa i vår har eit internasjonalt perspektiv. Språklege og litterære impulsar frå andre kulturar bidreg til å setje nytt lys på vår eigen skriftkultur, seier dagleg leiar i Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Eit vårprogram om kvardagen
Foto: Greta Sandanger Goksøyr

Førstelektor Reidun Aambø held foredraget Gresk for meg, mellom anna om korleis folketru kjem til uttrykk i språket. Professor og museumsvitar Tomislav Šola frå Zagreb fortel om kva som gjer museum gode, verda over. Diktaren Christine De Luca frå Shetland les frå den siste samlinga si, Glimt av opphav, omsett til norsk av Odd Goksøyr.


I høve den internasjonale poesidagen 21. mars og den internasjonale meteorologidagen to dagar seinare, presenterer tre litteraturmuseum dikt av forfattarane Ivar Aasen, Olav H. Hauge, Arne Garborg og Hans Børli. – På Vestlandet er vi opptekne av vêret, og det viser også igjen i poesien. Med Børli får vi også med oss perspektivet frå innlandet, seier Opsvik.

Kunstverkstad og Pride

Aasen-tunet held fram med litteraturarrangementet Bok og bakverk, som er eit godt tilbod til dei som har høve på dagtid. Søndag 11. februar blir det kunstverkstad med Rita Slotterøy frå Seanse. – Her er det avgrensa plassar, så det gjeld å melde seg på tidleg, oppmodar Opsvik.

Allkunne held også eit arrangement i samarbeid med Ørsta og Volda Pride 11. mai.
– I den nynorske litteraturhistoria er det fleire som skriv om kjærleik mellom folk av same kjønn, allereie på 1930-talet publiserte Åsmund Sveen fleire diktsamlingar med tydeleg homoerotisk innhald, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

 

Kjøp billettar her